Då regjeringa foreslo grunnrenteskatt på landbasert vindkraft i desember, antyda dei at skatten skulle gjelde frå 2023.
Regjeringa tok likevel fôrehald om at «verknadstidspunktet ville vurderast i lys av høyringsinnspela».
Seks månader seinare har responsen frå bransjen og opposisjonen vore så eintydig at regjeringa utset skatten.
Blant innvendingane er at forslaget legg spotpris til grunn for skatteberekninga, sjølv om halvparten av dagens vindkraftproduksjon blir seld gjennom langsiktige kraftavtalar. Dette er avtalar som ofte har lågare pris enn spotpris.
– Vi må vurdere høyringsinnspel og lovreglar nøye før eit forslag kan fremjast for Stortinget, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).
Han minner om at motivasjonen bak forslaget er å sprøyte ein større del verdiskapinga tilbake til vertskommunane, men at andre omsyn taler for å utsetje ordninga i eitt år. Skatten kunne teoretisk sett gje inntekter på 2,5 milliardar kroner.
– Lokalsamfunn og fellesskapen bør få ein rettferdig del av verdiar skapt frå dei felles naturressursane våre, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).
Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK– Dette er ein farse
Produksjonsavgifta for vindkraft vart dobla frå 1 til 2 øre per kWh frå 1. januar 2023. Denne avgiftsauken, som kjem vertskommunane til gode, vert ikkje påverka ikkje av utsetjinga for grunnrenteskatten.
– Dette er ein farse, seier energipolitisk talsperson for Høgre, Nikolai Astrup.
Han presiserer at det «isolert sett er bra» at grunnrenteskatten er utsett, men at «vi veit jo framleis ingenting om korleis innretninga blir».
– Det betyr at vindkraftselskapa må leve i uvisse om kva rammevilkår dei skal ta omsyn til i eit halvt år til, seier han.
Skatteutvalet, som la fram rapporten sin i desember, tilrår grunnrenteskatt på vindkraft, men at det først bør greiast ut.
– Det er veldig positivt at dette blir utsett og at ein får ei behandling av forslaget i Stortinget til hausten, uttaler Truls Wickholm, direktør i Samfunnsbedriftene Energi (SBE).
Foto: Heiko Junge / NTB– No kan vi få ei open behandling i Stortinget
– Det er sjeldan vi rosar regjeringa for ei utsetjing, men i dette tilfellet var det faktisk viktig. I staden for at den nye vindkraftskatten blir gjort opp på bakrommet med SV som ein del av revidert budsjett, kan vi no få ei open behandling i Stortinget, seier Åslaug Haga, som er leiar i Fornybar Noreg.
Ho meiner utsetjinga gir grunnlag for eit «breitt politisk forlik som kan stå seg over tid», og som ikkje «skremmer bort investorar frå Noreg».
– Det ser vi allereie ser døme på, og då blir det i praksis umogleg å få bygd ut dei 40 TWh med ny kraftproduksjon som Energikommisjonen seier vi treng.
Tilrådingane til Energikommisjonen om «meir av alt, raskare» har vorte kritisert for å vere i «overkant ambisiøse» (også blant deira eigne medlemmer).
I eit høyringssvar som er gjeve att i Nettavisen karakteriserer NVE-direktøren fleire av måltala til Energikommisjonen for å vere «urealistiske» og «lite sannsynlege».
Då regjeringa i september la fram ein pakke for «betre fordeling av overskotet frå naturressursar», introduserte dei også det såkalla høgprisbidraget.
Den nye «høgprisskatten» sa at kraftbransjen skal betale 23 prosent skatt på toppen av andre skattar når kraft vert seld for over 70 øre/kWh.
Regjeringa har sidan presisert at «høgprisskatten» er eit forbigåande fenomen.
– Det er sjeldan vi rosar regjeringa for ei utsetjing, men i dette tilfellet var det faktisk viktig, seier Åslaug Haga, som er leiar i Fornybar Noreg.
Foto: Eirik Haukenes / NRK