Hopp til innhold

I denne kommunen blir SFO gratis for alle førsteklassingar

I mange kommunar betalar foreldre tusenar for skulefritidsordning. Vestlandskommunen Lærdal vil gjere tilbodet heilt gratis.

Anna Grindheim og Ingrid Voll Eltun leier på SFO.

SFO: Anna Grindheim og Ingrid Voll Eltun likar å leike på SFO. For elevkullet som startar på skulen til hausten, blir fulltidsplassen på skulefritidsordninga gratis.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

– Det er kjekt å leike ute, seier førsteklassing Anna Grindheim.

Skuledagen ved Lærdalsøyri skule er over. Skulefritidsordninga står for tur.

Mens foreldra til Anna og andre betaler for tilbodet, vil foreldre til framtidige førsteklassingar sleppe billegare unna.

Til hausten blir nemleg ein heiltidsplass på SFO i Lærdal heilt gratis for førsteklassingane.

Mamma Gunnhild Grindheim Hunderi ønsker forslaget velkommen.

– Skulen sluttar før mange foreldre er ferdig på jobb og då er det viktig at barna har ein trygg plass å vere.

Gunnhild Grindheim Hunderi og Anna Grindheim.

Mamma Gunnhild Grindheim Hunderi hentar førsteklassing Anna Grindheim frå SFO.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

Iris Blaaflat har førsteklassing til hausten og kan velje å nytte seg av det nye tilbodet.

– Det er ei positiv overrasking at ein full plass blir gratis òg, og ikkje berre kjernetida, seier ho.

– Ei gladsak

For to år sidan fortalde NRK om foreldre som tok barn ut av SFO fordi det var for dyrt.

Kva foreldre må betale, varierer frå kommune til kommune. Det syner også igjen i tal frå Grunnskolenes Informasjonssystem.

Eit landssnitt viser at det kostar 2702 kroner månaden for 20 SFO-timar.

Nokre tilfeldig valde døme syner at 20 timar SFO kostar:

  • 1572 kroner i Vik kommune
  • 3085 kroner i Time kommune
  • 2425 kroner i Flå kommune
  • 1920 kroner i Flakstad kommune

Frå hausten i fjor innførte regjeringa gratis kjernetid i SFO for alle førsteklassingar. Ifølgje regjeringa sparer foreldre i snitt 20.000 kroner årleg på ordninga.

Kommunestyret i Lærdal har einstemmig gått inn for å dekkje kostnader for heiltidsplass utover den gratis kjernetida.

Det betyr at 12 timar SFO er dekt av staten, så betaler kommunen for timar utover dette for elevane som har heiltidsplass.

I Lærdal er dette mellomlegget rekna til 755 kroner månaden i ti månader. Med andre ord sparer foreldra kring 7500 kroner årleg.

Jan Olav Fretland

Formannskapet i Lærdal var samrøystes i spørsmålet om gratis SFO for førsteklassingar, fortel varaordførar Jan Olav Fretland (SV). Seinare gjorde kommunestyret samrøystes vedtak.

Foto: Jo Straube

– Dette er ei gladsak i våre dagar, seier varaordførar Jan Olav Fretland frå SV.

Han viser til at foreldra som kanskje har det mest travelt er dei som også må ha ungane på SFO heile dagen. Han meiner det «berre skulle mangle» at kommunen då hjelper med ei slik ordning.

Den totale kostnaden for kommunen blir på kring 150.000 kroner årleg. Lærdal har ikkje store elevkull. Det meiner rådgjevar for kultur og oppvekst Camilla Grøttebø gjer gratisordninga enklare å få til:

– Det vil få mindre økonomiske konsekvensar, og det vil vere lettare organisatorisk å få det til her.

– Sosialt tiltak

Hege Bae Nyholt, stortingsrepresentant for Raudt og leiar for utdannings- og forskingskomiteen, kallar tiltaket i Lærdal «eit veldig godt og sosialt tiltak»

Gratis SFO til alle 1.-klassingar vil sikre at alle som ønsker kan nytte tilbodet og at det ikkje er foreldra sin økonomi som avgjer.

Partiet vil at SFO skal vere eit gratis og frivillig tilbod til elevar i første til fjerde trinn.

Kari-Anne Jønnes sit i Utdannings- og forskingskomiteen for Høgre. Ho viser til at Høgre i regjering innførte redusert foreldrebetaling i SFO for låginntektsfamiliar.

Vi er opptatt av at SFO skal vere inkluderande og et tilbod for alle. Det betyr at foreldrebetalinga ikkje må vere eit hinder for deltaking.

Gjer det attraktivt for familiar

Frå hausten av skal også andreklassingar få gratis kjernetid på SFO.

– Arbeidarpartiet vil på sikt gjere SFO heilt gratis, og dette er eit stort steg i rett retning, uttala utdanningspolitisk talsperson i Ap, Elise Waagen, då dette blei klart.

I Lærdal trur varaordføraren at gratis SFO er eitt av fleire tiltak som kan halde på og lokke til seg familiar. Barnehageplass, kulturtilbod, jobb til begge og gode vilkår for barna må vere på plass, meiner han.

Endringa som gjeld SFO trer i kraft frå hausten.

– Då er det berre å hive seg på for dei som har bruk for å ha fulltids skulefritidsordning, seier Fretland.

Lærdal

Gratis SFO er eitt av fleire tiltak som kan vere med å gjere Lærdal attraktivt for barnefamiliar, trur varaordføraren.

Foto: Jan Christian Jerving