– Det vil vere veldig uheldig om Fylkesmannen går imot det bygda ønskjer, seier Hessevik som er leiar i Bryggja bygdeutviklingslag.
I snart eitt år har han fronta bygdefolket sitt ønske om å få flytta kommunegrensene. Målet er at krinsane Totland, Bryggja og Maurstad skal få lausrive seg frå Vågsøy kommune og bli del av den nye kommunen med Selje og Eid.
Fylkesmannen skal i dag leggje fram si tilråding. Eit råd som blir sendt til Kommunal- og moderniseringsdepartementet som endeleg skal avgjere saka. Hessevik er svært spent.
– Det er veldig viktig for oss å få bytte kommune.
- Les også:
Har hatt nesten heile bygda i ryggen
Debatten om kvar Bryggja skal høyre heime skaut for alvor fart etter at skulen i bygda vart føreslått nedlagt i fjor. Seinare har Eid og Selje slått seg saman til Stad kommune, medan Flora og Vågsøy har bestemt seg for å bli Kinn kommune.
Kan tape 29 millionar
Det står også pengar på spel om Bryggja byter kommune. Ifølgje ein rapport frå Telemarksforskning vil Vågsøy kommune tape 29,5 millionar kroner om Bryggja melder seg ut, medan nye Stad kommune vil få ein auke i inntektene på 29,2 millionar kroner.
Medan Eid-politikarane har sagt velkommen til dei vel 550 innbyggjarane frå Totland, Bryggja, og Maurstad, vil Vågsøy-politikarane ikkje gje slepp på dei tre bygdene.
Ho er spent på rådet frå Fylkesmannen.
– Eg er spent på korleis Fylkesmannen argumenterer for valet sitt. Vi har peika på at viss ein opnar for ei grensejustering som etter vårt syn eigentleg baserer seg på misnøye med eit politisk vedtak, så legg ein kanskje standarden for korleis andre grensejusteringar skal vurderast.
Har håp om få behalde skulen
Framtida til skulen fekk ballen til å rulle i fjor vinter, og før helga gjorde kommunestyret i Vågsøy alvor av planane – dei vedtok å leggje ned skulen på Bryggja.
Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) ville då ikkje kommentere kva dei vil gjere med Bryggja skule dersom bygda blir ein del av nye Stad kommune. Hessevik i bygdeutviklingslaget håpar dei først får byte kommune, og at dei deretter klarer å berge skulen.
– Vi håpar vi klarar å snu vedtaket om å leggje ned skulen. Først må vi sjå kva Fylkesmannen svarar.