NRK Meny

Vil ikkje gje slepp på Bryggja

Fleirtalet i kommunestyret i Vågsøy meiner det ikkje er grunnlag for at innbyggjarane på Bryggja, Totland og Maurstad skal få viljen sin om å bytte kommune. I vinter la bygdefolket der fram eit ønske om å få flytta kommunegrensene, slik at dei i framtida i staden blir ein del av den nye kommunen med Eid og Selje. Med 18 mot 8 stemmer sa kommunestyret i Vågsøy i dag nei til endring av grensene. – Vi meiner vi kan gje dei eit betre tenestetilbod enn dei kan få andre plassar, som er til det beste for alle innbyggjarane i kommunen, seier Arbeidarparti-ordførar Kristin Maurstad (bilete). Innstillinga frå kommunen blir no sendt Fylkesmannen, som skal gje sitt råd vidare til departementet.

Kristin Maurstad
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.