Hopp til innhold

Her er landets største hybridfiskebåt

RAUDEBERG (NRK): No kan fiskemiddagen din bli meir klimavenleg. Ein nyutvikla hybridfiskebåt skal spare 100.000 liter diesel i året.

Landets største hybridfiskebåt

GRØN TEKNOLOGI: Båten vekker oppsikt langs kysten for sine nye, miljøvenlege løysningar.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er så spennande at det er nesten ikkje til å tru, seier skipper Kjell Bjørnar Bakken frå Bodø, om båten som skal spare klimaet for store utslepp.

Den heilt nye fiskebåten har eige batteri og lågt drivstofforbruk. Ved å lagre overskotsenergien i batteri bidreg ein til å kutte dieselforbruket med 25 prosent, eller 100.000 liter i året.

– Vi har tatt i bruk dei siste teknologiske nyvinningane. Til saman blir det ein veldig god kombinasjon. I tillegg til å fiske effektivt, skal vi også køyre billegare til og frå felt. Det er der den store gevinsten ligg, seier Bakken.

Landets første hybridfiskebåt

STOLT: – Eg er veldig stolt, seier skipper Kjell Bjørnar Bakken, om den splitter nye hybridfiskebåten.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Norskprodusert

Det finst over tusen store fiskebåtar her til lands. SINTEF meiner flåten totalt sett brukar vel 300 millionar liter diesel i året.

Miljøteknologien har gjort båten til Bakken over 11 millionar kroner dyrare, men å få halvparten i støtte frå Enova gjorde at skipperen likevel satsa. Og at utstyret er norskprodusert er avgjerande, meiner han.

Landets første hybridfiskebåt

STRAUMKJELDA: Generatoren lagar straum som dynamoen i ein bil, og er hovudstraumskjelda til båten, fortel Kjell Bjørnar Bakken.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det er enklare for meg å ta sjansen når det er lokalprodusert, enn å kjøpe frå utlandet.

Snurparen "Støttfjord" er designa, tanktesta og bygd i Måløy-området. Svært mange leverandørar frå Nordfjord har levert utstyr til nyvinninga.

– Alle produsentane er i fremste rekke på sine felt, langs kysten her. Det er gledeleg og ei aha-oppleving for meg, seier Bakken, og legg til:

– Det ligg ein betydeleg tryggleik der viss vi treng vedlikehald. Det er udelt positivt.

– Tøft å satse

Prosjektleiar ved skipsverftet, Stadyard, Per Torskangerpoll har følgt bygginga av fartøyet. Liknande prosjekt har han styrt mykje med, men det er noko litt meir spesielt med akkurat denne båten.

– Dette er eit pionerprosjekt – denne båten skal vi vere stolt av. Det er tøffe karar som tør å satse på dette, seier han.

Draumen er å bli heilt utsleppsfri, men inntil vidare er Bakken stolt og fornøgd med det nye fartøyet. Men han er også litt spent, for om ikkje lenge reiser det frå verftet til heimehamna i Nordland.

– Det ser lovande ut, og eg er veldig imponert over jobben som er gjort. No står att berre spenninga – om det vil verke som det er tenkt, seier han.

– Eg håpar det, seier Torskangerpoll.

Landets første hybridfiskebåt

EIGEN BATTERIPAKKE: Når båten treng ekstra kraft, kan den bruke av batteriet. Då slepp den å brenne av ekstra drivstoff. – Eit pionerprosjekt, seier prosjektleiar ved skipsverftet, Stadyard, Per Torskangerpoll.

Foto: ASGEIR HEIMDAL REKSNES / NRK