Hopp til innhold

Nektar å køyre turistbussar til storattraksjon: – Noko av det verste eg har sett

Hovudverneombod meiner fylkesvegen er så farleg at han innfører arbeidsstans for sjåførane.

Lodalen

LODALEN: Dette biletet frå Lodalen som ligg i Stryn kommune har pryda Times Square i New York.

Foto: Erik Per.W Hermansson

Det irgrøne vatnet med dei stupbratte fjella og Kjenndalsbreen er ein av dei mest sentrale turistattraksjonane på Vestlandet.

Men fylkesvegen inst i Lodalen i Nordfjord er så farleg at den trugar bussjåførane si helse og tryggleik, meiner hovudverneombod Pål Stange i busselskapet Tide.

Dermed brukar han arbeidsmiljølova til å setje stopp for at sjåførane i selskapet kan køyre inst i dalen, trass i at vegstyresmaktene held vegen open.

Det var avisa Fjordingen som omtala saka fyrst.

Eg håpar dette blir eit tidsskilje også når det gjeld andre vegar. I deler av turistnæringa har det vore cowboytendensar tidlegare, men slik kan vi ikkje halde på, seier Stange.

Trafikkaos på smale turistvegar har blitt ein gjengangar i sommar-Noreg.

Buss i Lodalen.

BOM FAST: Denne turistbussen hadde trøbbel i Lodalen i sommar.

Foto: Anne Sølvi Sande

Nektar å køyre før vegen blir utbetra

Stange seier leiinga i Tide støttar han i saka, og at han også har varsla andre busselskap.

Tide er blant dei store på å køyre turistbussar på Vestlandet, dei organiserer også underleverandørar i bransjen.

– Vegen inst i Lodalen er noko av det verste eg har sett. Mitt mandat er sikkerheita til sjåførane, seier Stange.

Somme stader er små stabbesteinar alt som skil turistbussane frå det djupe Lovatnet.

– Det er knapt 20 centimeter høgde på nokre av steinane, seier Stange.

Vegen i Lodalen

Vegkanten her er uforsvarleg, meiner verneombodet i Tide.

Foto: Thomas Thaule / Fjordingen

Arbeidstilsynet: – Svært uvanleg

Det er Arbeidsmiljølova sin paragraf 6–3 Stange har tatt i bruk. Eit verneombod kan stanse arbeidet om det er umiddelbar fare for den tilsette si liv og helse.

Så lenge leiinga i Tide støttar verneombodet i saka, vil ikkje Arbeidstilsynet gjere eit anna vedtak. Hadde partane vore usamde hadde Arbeidstilsynet kunne tatt ei endeleg avgjerd.

– Så vidt eg kjenner til har vi ikkje hatt tilsvarande saker. I utgangspunktet er vegstandard ikkje rekna som ein del av sjåførane sitt arbeidsmiljø etter Arbeidsmiljølova, seier seksjonsleiar i Arbeidstilsynet Kjersti Marie Gjerd.

Men transportverksemdene skal sikre at dei tilsette ikkje blir utsett for «uheldige psykiske og fysiske belastningar, og at ein tek vare på tryggleiken.»

– Så indirekte har arbeidsgjevar ei plikt til å ta omsyn til vegstandard, seier Gjerd.

Les også Fortvilar over dagleg trafikkaos på populær turistveg

Turisttrafikk og kaos, Stegastein i Aurland

Har forståing for situasjonen – men held vegen open

Fylkesvegen til Lodalen er eigd av Vestland fylkeskommune. Seksjonsleiar Gunhild Vangsnes seier dei har forståing for Tide si vurdering.

– Det er store utfordringar med trafikken, det er masse turistar og vegen er veldig smal og svingete.

Men kvifor held de då vegen open for store køyretøy?

Det har ikkje vore aktuelt å stenge, men det er kanskje noko vi burde ha sett på. Til hausten set vi uansett i gang eit arbeid med å lage møteplassar.

Kva med området som manglar rekkverk?

Det er slike ting vi ynskjer tilbakemelding på. Så vil det vise seg om vi får spelt inn også det til neste års budsjett., seier Vangsnes.

Får dramatiske konsekvensar

Inst i Lodalen ligg turistkafeen Kjenndalstova. Bussgjestar frå fjern og nær er ein avgjerande for innehavar Ingvill Tronrud.

– Andre selskap vurderer å fylgje etter Tide, eit anna stort selskap har alt gjort det. Dette er veldig dramatisk. Utan bussgrupper er det ikkje stort grunnlag for å drive her, seier innehavar Tronrud.

Kjenndalstova

Ingvill Tronrud og Jan Ove Hogrenning driv Kjenndalstova inst i Lodalen i Stryn kommune.

Foto: Thomas Thaule / Fjordingen

Tronrud er usamd i at verneombodet stansar køyringa. Ho meiner det også blir eit spørsmål om kva andre vegar busselskap skal nekte å køyre på, sjølv om dei er opne for fri ferdsel.

– Det har ikkje vore ei ulukke på dei 16 åra vi har drive her, eg kan berre hugse tre gonger at bussar har stått fast, og det har heller ikkje då vore fare for liv og helse.

Men Pål Stange varslar at dette nettopp er starten på ei opprydding.

– Vi vil kartlegge også andre strekningar. Det er eit langt lerret å bleike. Vegstyresmaktene har sove i timen i mange tilfelle. Kva som er lovleg er ein ting, kva som er forsvarleg er noko anna. Arbeidsfolk må ha arbeidstilhøve slik som dei har krav på.

Pål Stange

Hovudverneombod i Tide, Pål Stange håpar å få til ei løysing der bussane køyrer eit stykke inn i dalen, så kan turistane transporterast med turistbåt vidare innover.

Foto: Pressefoto Tide