Hopp til innhold

Fullt kaos på smal turistveg

Berre den siste veka har brannvesenet rykt ut fem gongar for å hjelpe bilar som står fast på den smale vegen opp til utsiktsposten. No krev brannsjefen at noko må skje.

Turistar frå heile verda valfartar for å sjå den unike utsikta på Stegastein 640 meter over Aurlandsfjorden i Sogn. Men den nasjonale turistvegen opp til plattået er smal, bratt og svingete.

Få møteplassar gjer at bubilar og turistbussar må rygge langt og legge seg på kanten av vegen for å passere kvarandre.Ofte går det gale. Den siste veka har Vegtrafikksentralen dagleg meldt om kaotiske tilstander på vegen. Fleire gonger har dei måtte stenge vegen for å få nøsta opp i kaoset.

SISTE: Også onsdag ettermiddag er brannvesenet kalla ut etter at ein bil har køyrt utfor vegen, melder 110 Vest.

Ønsker fleire møteplassar og autovern

Førre veke måtte 6–7 personar halde att ein bil for å hindre denne i å rulle ned den bratte fjellsida.

No er brannsjef i Aurland, Reinhardt Sørensen, lei av hendingar som dette og ønsker at noko snart gjerast.

– Eg håpar vi kan få inn nokre tiltak på vegen, seier han.

Tiltaka Sørensen snakkar om er mellom anna fleire møteplassar og autovern.

Slik stoda er no er det fleire stadar langs vegen der ein liten betongkant er det einaste som står mellom trafikantane og hundrevis av høgdemeter ned til fjorden.

Stegastein

Gjennom sommaren fyllast utkikksposten på Stegastein av turistar.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

Lang alternativ omkøyring

Dina Lefdal, avdelingsdirektør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune, seier at det framleis ikkje er lagt konkrete planar for å utbetre vegen til Stegastein.

Men som brannsjefen ser også ho eit behov om å utbetre vegen.

Stegastein i Aurland

Utsiktsplattforma Stegastein på den nasjonale turistvegen over fjellet mellom Aurland og Lærdal er eit ynda mål for mange.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

Fram til vegen er utbetra har Lefdal håp om ei kortvarig løysing som kan betre trafikken.

– Vi hadde ønskt at fleire køyrer over fjellet, heller enn å køyre både opp og ned vegen, seier ho

Å køyre over Aurlandsfjellet via Lærdal for å kome tilbake til Aurlandsvangen er ein 77 kilometer lang tur som tek omtrent ein og ein halv time.

Vegen mellom Aurlandsvangen og Stegastein er derimot berre 13 kilometer lang.

Stegastein, Aurland

Bilar i alle retningar prøver å finne parkering ved det populære turistmålet.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

Fien van Hacke frå Nederland har saman med familien tatt turen opp til utkikksposten.

– Nokon gongar var borna bekymra, men det gjekk bra, seier ho om den smale vegen familien måtte køyre.

Også tidlegare har det vore vurdert einvegskøyring på vegen. Andre tiltak ein har vurdert er timekøyring og forbod mot enkelte bilar.

Lefdal hos fylkeskommunen peikar på ein hamnar ein «skvis» ved at vegar som dette blir marknadsført som nasjonale turistvegar, samstundes som dei ikkje er eigna for mykje trafikk.

– Dette er ein smal veg som ikkje er bygd for trafikken som er der, seier ho.

Hårfin parkering

HÅRFIN PARKERING: Så nær var den tyske bubilen å bikke utfor kanten under ferieturen i Aurland i 2019.

Foto: Anders Frydenlund / Vang Auto-Service AS