Direktør Odd Erik Gullaksen var sjølv på nattevakt i resepsjonen då han fekk melding om at partane var komne til semje.
- Les også: Streiken er over
– Du har godt med tid til å følgje med på nettredaksjonane om natta, men det var lite nytt før det small i natt og eg såg hotellstreiken var avblåst. No skal det bli godt å komme tilbake til normal drift og vere 100 prosent oppe att frå veka av, seier han.
Fekk gjennomslag
Fellesforbundet gjekk til streik 23. april då NHO Reiseliv avviste kravet om lokal forhandlingsrett. Her i fylket har kring 140 tilsette vore i streik. På landsbasis har over 7 200 tilsette i hotell- og restaurantnæringa vore i streik. Mellom 700 og 800 små og store verksemder har vore råka.
- Les også: – Streiken kan vare lenge
– Vi har halde på i fire veker og vi er veldig nøgde med å få innfridd hovudkravet om lokal forhandlingsrett for hotella våre, samt ei økonomisk ramme på 4,85 kroner, seier Oddbjørn Aalen, distriktssekretær i Fellesforbundet.
Avtalen skal no til uravstemming hos medlemmene i Fellesforbundet og NHO Reiseliv.
Veldig positive
Fylkesleiar i Fellesforbundet Bjørn Martin Kormeseth fortel om stor glede også blant dei tillitsvalde som no er meir enn klare for å gå tilbake til jobb.
– Vi har fått full innfrielse av kravet. Det var dette vi streika for, og då er dei også glade for at vi nådde fram og at streiken er over. Det er ingen som tykkjer at det er kjekt å streike, seier han.
Har tapt pengar
Tysdag skulle etter planen meklingsmannen kalla partane til bordet att etter 30 dagar i streik. Før helga uttala direktør Terje Kleveland ved Thon Hotel Jølster at dei truleg måtte ty til enkelte dagar med stengde dører.
Gullaksen har sett både konferansar og turbussar bli kansellerte. Det har også vore mindre pågang både på telefon- og booking. Kor mykje dei har tapt på streiken veit han ikkje. Men han meiner det var viktig med ei løysing no.
- Les også: Vil halde ope som normalt - trass streik
– Hotellet har vore i drift med noko redusert tilbod på nokre område og vesentleg lågare bemanning, seier han og legg til:
Ikkje overraska
– Det blir godt å gå ein travel og fin turistsesong i møte med alle mann tilbake, seier han.
Distriktssekretær Aalen i Fellesforbundet er ikkje overraska over løysinga kom.
– Nei, eg kan ikkje seie det når ein veit at ting er på gang. Det er slik under ei kvar konflikt, at det er ein viss kontakt. Så har dei kome til at «no er vi klare», seier han og er stolt over medlemane som har stått i streiken.