– Det er skadeleg for norsk turisme det som går føre seg no. Det set eit usikkerheitspreg på næringa, meiner direktør for Hotell Alexandra i Loen, Richard Grov.
Etter tre veker med streik i hotellnæringa er det lite som tyder på ei løysing. I Sogn og Fjordane har hotell i Førde, Florø, Høyanger, Loen, Jølster og Sogndal vore råka av streik i to veker.
Hotell Alexandra er ein av ni verksemder med tilsette som er tatt ut av Fellesforbundet. Grov meiner mykje står på spel grunna hotell- og restaurantstreiken.
– Det vil bli færre arbeidsplassar og dårlegare servicetilbod. Det er eit brutalt krav som vil få store konsekvensar for vår næring. Vi går i feil retning.
Leiar i Fellesforbundet, Bjørn Kormeseth, er ueinig med Grov.
– Vi har stilt krav som vi meiner er rimlege. Det er to partar i denne konflikten, og reiselivet må ta sin del av dette. Rettar må vere på plass.
Hjå Thon Hotel Jølster på Skei kan gjestar møte stengde dører i neste veke dersom streiken held fram. Hotelldirektør Terje Kleveland fryktar det vil føre til mindre gjestar neste år.
– Det er klart at om turistar møter stengde dører, så vil rykta spreie seg til 2017. Vi håpar det ikkje skjer, men faren er der.
Direktørar må vere nattevakter
Alle dei råka verksemdene i Sogn og Fjordane held framleis opent, men merkar at det tærer på. I fylket er 136 tilsette i streik, noko som gjer at hotelldirektørane må trå til.
– Eg har hatt nattevakter samanhengande sidan vi gjekk ut i streik, fortel hotelldirektør for Thon Hotel Jølster, Terje Kleveland.
Kleveland er ikkje åleine. Også hotelldirektørane ved Scandic Sunnfjord Hotel i Førde og Comfort Hotel Florø må steppe inn som nattevakter.
– Det blir nok litt ekstra på overordna arbeidstakarar. Eg dekker sjølv inn nattevakter og andre resepsjonsvakter som skal dekkast inn, seier hotelldirektør ved Comfort Hotel, Siv Grov.
- Les også:
- Les også:
Lei av streik
Hjå Quality Hotel i Sogndal går streiken mest utover restaurantdelen av drifta. I Sogndal er kring 20 tilsette tatt ut i streik, blant desse er Ole Henrik Stølen.
– Eg kjenner at eg byrjar å bli lei. Vi sit rett opp og ned. Det er hyggeleg det, men det hadde vore godt å komme tilbake til jobb for å gjere noko produktivt, fortel Stølen.
Til trass for å vere litt lei, stå framleis Stølen på krava om betre løn og lokal forhandlingsrett. Gjestar stoggar gjerne opp for ein prat med dei streikande.
– Nokre nordmenn tykkjer det er frekt av oss å streike for betre løn, medan turistar vil ta bilete og ynskjer oss lukke til.