Hopp til innhold

Kan streike lenge

136 tilsette ved fleire hotell i fylket tekne ut i streik. Til no har hotella likevel kunne drive nær som normalt.

Hotellstreik

I STREIK: Fylkesleiar i Fellesforbundet Bjørn Martin Kormeseth saman ved dei streikande ved Scandic Sunnfjord hotell i Førde.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Streikeviljen er svært god i heile fylket, seier Bjørn Martin Kormeseth, fylkesleiar i Fellesforbundet i Sogn og Fjordane.

Laurdag vart Hotel Alexandra, Scandic Sunnfjord hotel, Quality-hotella i Sogndal og Florø, Skei hotell og Høyanger hotell også tekne ut i streik. Utanfor Scandic Sunnfjord hotell i Førde har dei streikande måndag tatt plass under ein paviljong.

– Eg kan ikkje seie nok om kor langvarig dette kan bli, men vi har økonomi til å halde på lenge, seier Kormeseth.

Stille i frukostsalen

Sjølv om 29 tilsette ved Scandic Sunnfjord hotell no er i streik held hotellet framleis ope . Klokka 0800 er stille i frukostsalen, om det skuldast streiken skal vere usagt.

Odd Erik Gullaksen

HELD OPE: Direktør Odd Erik Gullaksen ved Scandic Sunnfjord hotel.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– På grunn av streiken har vi omstilt oss litt. Frukosten går som normalt, men vi er færre til å rydde og halde orden enn vi normalt er, seier hotelldirektør Odd Erik Gullaksen.

Men streiken byrjar å merkast ved hotellet vedgår direktøren.

– Det går litt seinare med rydding, vi har litt redusert lunsjtilbod, og vi har færre rom som vi kan selje. Vi vurderer situasjonen frå til dag til dag, og så håpar vi at det skal kome ei løsying, seier Gullaksen.

Kan streike lenge

Oddbjørn Aalen, distriktssekretær i Fellesforbundet

STÅR PÅ KRAVA: Oddbjørn Aalen er distriktssekretær i Fellesforbund

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

136 tilsette ved fleire hotell i fylket er no tekne ut i streik. Til no har hotella likevel kunne drive nær som normalt.

Oddbjørn Aalen som, er distriktssekretær i Fellesforbundet, seier dei vil streike så lenge dei må for å nå fram med kravet om lokal forhandlingsrett.

– Fellesforbundet har ein bra streikekasse. Vi held på så lenge det er naudsynt. Vi står på dei krava vi har stilt, og meiner dei er rettvise, seier Aalen.