Hopp til innhold

Vil halde ope som normalt – trass streik

Hotella i Sogn og Fjordane som laurdag blir råka av streik, vil halde ope som normalt, så langt det let seg gjere. – Det kan bli komplisert for dei, kontrar Fellesforbundet.

Odd Erik Gullaksen

VIL HALDE OPE: Hotelldirektør Odd Erik Gullaksen på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde seier gjestene deira i liten grad vil merke streiken. Frå laurdag kan 29 tilsette ved hotellet bli tekne ut i streik når Fellesforbundet trappar opp streiken i hotell- og restaurantbransjen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Laurdag trappar Fellesforbundet opp streiken i hotell- og restaurantbransjen. Sogn og Fjordane er eitt av sju nye fylke som sluttar seg til dei streikande. Lokalt blir ni verksemder råka.

Men fleire hotelldirektørar NRK har snakka med seier dei vil halde ope. Blant dei Odd Erik Gullaksen ved Scandic sitt hotell i Førde, der 29 tilsette går ut i streik.

– Vi skal jobbe vidare med dei som ikkje er organiserte og dei som er i leiargruppa, seier Gullaksen.

Må gjere endringar

Gullaksen trur også dei tilsette håpar på ein kortvarig streik. Enn så lenge vil leiinga gjere det beste ut av det.

– Vi har ein del private arrangement, konfirmasjonar, barnedåp og bursdagar, og dei skal få det dei har bestilt og den servicen dei ventar å få, lovar hotelldirektøren.

Han seier dei samtidig må gjere nokre endringar, som til dømes ei redusering i lunsjtilbodet og færre valmoglegheiter på buffet på kveldane utover i neste veke.

– Korleis skal de kunne drive utan at dei uorganiserte tek dei organiserte sine jobbar?

– Vi kjem til å jobbe etter dei retningslinjer som er gitt, og som NHO og Fellesforbundet er samde om.

Kormeseth

FÅ ORGANISERT: – Det er dessverre låg organisasjonsgrad i denne bransjen. Det er mange som er sesongarbeidarar, det er mykje bruk av ekstrahjelper og tilkallingsvikarar. Vi ser ikkje på dette som eit stort problem, men meir som ei utfordring, seier Kormeseth.

Foto: Bård Siem / NRK

– Det kan bli komplisert for dei

Og at det blir gjort etter boka vil streikevaktene halde kontroll på, lovar Bjørn Martin Kormeseth, fylkesleiar i Fellesforbundet.

– Streikevaktene har allereie mobilisert, laga vaktlister og er klare til i morgon, seier han.

NRK fortalde i går at hotell- og restaurantbransjen har låg organisasjonsgrad, og med få organiserte får ikkje streiken like store konsekvensar alle stader.

Trass få organiserte, Kormeseth er uansett spent på korleis det vil gå når fleire av hotella i fylket vil halde ope under streiken.

– Det første eg tenkjer er at det kan bli ganske komplisert for dei. Veldig mange av våre medlemmer er nøkkelpersonar, som resepsjonsarbeidarar og liknande. Eg trur det kan bli tøft å halde ope.

Har liten tru på semje i kveld

Kormeseth trur det blir den totale effekten av streiken på landsplan som blir avgjerande for å få ein ende på konflikten. Lokalt opplever han streikeviljen som svært god.

– Eg har snakka med mange medlemer og dei er veldig interesserte i å prøve å få gjennom hovudkravet, lokal forhandlingsrett.

– Kor stor er sjansen for at det blir streik her frå i morgon?

– Eg trur det går mot streik her i fylket også. Sjølvsagt kan dei finne ut at dei vil gå til forhandlingsbordet, men eg trur sjansane for at streiken blir avblåst no er relativt liten.