Hopp til innhold

Hotel Ullensvang har vore i same familie sidan 1846 – no er det selt

Eit britisk selskap har kjøpt Hotel Ullensvang i Hardanger. – Eg forventar at dei nye drivarane er like seriøse, seier ordføraren i Ullensvang.

Barbara Zanoni Utne og Hans Edmund Utne ved Hotel Ullensvang

SELT: Barbara og Hans Edmund Utne var femte generasjon hotelleigarar på Hotel Ullensvang.

Foto: Espen Braata / Braata, Espen

Det er H.I.G. Capital og samarbeidspartnar Hamilton Hotel Partners som har kjøpt hotellet i Hardanger.

Kjøpesummen er ikkje kjend, men etter det NRK forstår ligg den tett opp mot det hotelleigarane Barbara og Hans Edmund Utne ville ha for hotellet før pandemien slo til.

– Det å få på plass nye eigarar no, er riktig for framtida til hotellet. Me er svært glade for å ha funne ein sterk aktør, som vil satsa vidare basert på vår etablerte kulturarv hotellet er omgitt av, skriv Barbara Zanoni Utne på si Facebookside fredag ettermiddag.

Kjøparen har hovudkvarter i London. Hamilton Hotel Partners driv fleire hotell, først og fremst i Europa.

Dei tilsette ved hotellet vart informert om salet i ettermiddag. Det er 40 tilsette ved hotellet, dobbelt så mange i sommarsesongen.

Lofthus, Hotel Ullensvang

FJORDEN: Hotel Ullensvang ligg like ved sjøen på Lofthus i Sørfjorden.

Foto: Tale Hauso / NRK

Tradisjonshotell og landemerke

Familien Utne har drive hotell i Lofthus sidan 1846. I dag har Hotel Ullensvang 170 hotellrom. I 2019 omsette det for kring 86 millionar kroner.

Dagens drivar, Hans Edmund Utne, er femte generasjon hotelleigar. Han har tidlegare sagt at dei vurderte sal fordi det er vanskeleg for eit uavhengig og familiedrive hotell å konkurrere i dagens marknad.

– Nye eigarar vil ha heilt andre føresetnader til å løfta produktet ytterligare slik at Hotel Ullensvang vil fortsetja å vera ein framtredande og konkurransedyktig destinasjon dei neste 175 år, skriv Zanoni Utne på sin Facebook-profil.

Dronning Sonja er ein av stamgjestene ved hotellet, og har gitt namn til ein kjend tursti som gjestar ofte bruker.

Stig Castøe er tilsett som ny administrerande direktør på Hotel Ullensvang.

Forventar at dei er like seriøse

Ordførar i Ullensvang kommune, Roald Aga Haug (Ap), seier salet er vemodig.

– Dette er kanskje eitt av dei mest tradisjonsrike hotella i Noreg. Kommunen deler jo namn med hotellet, og det er ofte det folk tenkjer på når dei høyrer Ullensvang, seier ordføraren.

Haug har fått laupande oppdateringar om korleis det har gått med salet sidan det blei annonsert i februar. Han stolar på dei nye eigarane.

– Eg forventar at dei er like seriøse og dyktige som dagens drivarar, og at dei har ei evne til å få reisande hit og set oss på kartet i framtida, slik Hotel Ullensvang har gjort i 175 år.

Roald Aga Haug, ordførar i Ullensvang kommune
Foto: Tale Hauso / NRK