Hopp til innhold

«Sirkusløype» på ikonisk fjell kan bli stengt for allmenn bruk

Klatreløypa på Hornelen vert allereie kalla eit «sirkustiltak». No blir jernvegen kritisert for å annullere allmennretten.

Hornelen i Bremanger

TURISTMÅL: Løypene opp Hornelen blir så krevjande at ein må ha med seg guide for å få lov til å gå der.

Foto: Mats Grimsæth

Med utsikt mot havet og stupbratte fjellsider har Hornelen i Bremanger blitt eit ynda turistmål.

I juni opnar ei ny og omstridd Via Ferrata-løype (italiensk for «jernveg») opp sjøklippa, men det ser ut til at ikkje alle får bruke ho.

I «ein oppstartsfase» har kommunen sendt søknad om å stenge «den mest spektakulære Via Ferraten i Noreg» for allmenn bruk i to år.

– Vi meiner dette er lurt i ein oppstartsfase, seier ordførar i Bremanger, Anne Kristin Førde (Ap).

– Skal ikkje allmennretten ligge til grunn?

– Det står nok det i reguleringsplanen, men denne Via Ferrataen er den brattaste eg veit om, og eg trur vi gjer lurt i å tenke sikkerheit før vi gjer den til allmenn ferdsel.

Kritisk til avgrensing

– Det bryt med allmennretten og med fri ferdsel i naturen, seier Sigurd Felde.

Han er fjellførar og redningsmann i Norske alpine redningsgrupper.

Han legg til:

– Det er sikring heile vegen, men du kan sjølvsagt ikkje sjekke kompetansen til alle som ferdast der. Men slik er det i fjella, du kan ikkje sjekke alle som går på fjelltur. Fjellet er fritt.

Folk kan kome med sine merknadar om stenginga fram til 2. juni.

Les også Skarpe reaksjonar på «sirkusløype» opp ikonisk norsk fjell

klatreanlegget i Hornelen

Dagleg leiar for Via Ferrata Hornelen forstår at det kjem kritikk.

– Eg forstår at dei tenker på allmennretten, men eg er overtydd om at dei fleste som forstår utfordringane med å gå denne løypa er einige med oss, seier Rogier van Oorschot.

Etter opninga 17. juni må alle klatrarane reise med guide og betale enten 1495 kroner for ein fem timars tur som tek deg halvvegs, eller 1695 kroner for ein 7–8 timar tur som tek deg heilt til toppen.

klatreanlegget i Hornelen

I sagaen om Olav Tryggvason blei det sagt at den tidlegare vikinghøvdingen klatra opp Hornelen. Eine ruta i Via Ferrataen er kalla opp etter han som var konge over delar av Noreg.

Foto: iVest Consult

– Det var litt skummelt. Det var annleis og vanskelegare. Men det var veldig gøy, seier 15 år gamle Maylen Carlsen.

Ho er blant dei få som har fått testa den nye Via Ferrata-løypa opp Hornelen.

Ho er dottera til Runar Carlsen i Norges Boltefond, som har hatt jobben med å lage klatreløypa i Bremanger.

Maylén Carlsen og Ailin Nevjar testar Via Ferrata Hornelen.

Maylén Carlsen og Ailin Nevjar har gått fleire Via Ferrata-løyper i Noreg og meiner løypa var skummel og gøy.

Foto: Runar Carlsen

Kan opne for fri ferdsel i framtida

I tillegg til at løypa er krevjande er Hornelen utsett for vind. Noko som kan gjeve utfordringar for redningshjelp om det skal vere nødvendig i fjellveggen.

Les også DNT fryktar allemannsretten skal forsvinne på populære turistmål

hoddevik

Likevel opnar Bremanger-ordføraren for at det kan bli opna for fri ferdsel med tida.

– På sikt om nokre år så kan det vere mogleg å opne for allmenn bruk, men i ein startfase meiner vi det er lurt å skaffe seg nokre erfaringar, seier ho.

Kolset og Hornelen i Bremanger

Hornelen i Bremanger er eit kjent turistmål på Vestlandet.

Foto: Espen Gulliksen