Kommunal- og moderniseringsdepartementet kom i dag med 20 millionar til omstilling i oljefylka.
Hordaland fylkeskommune skal leie omstillingsarbeidet i fylka langs kysten frå Aust-Agder til Møre Romsdal. Arbeidet vil starte frå 2016.
– Desse midlane kan nyttast til etterutdanning, kompetanseheving eller reine omstillingstiltak. Detaljane og dei konkrete tiltaka vil vi saman med bedriftene, arbeidstakarorganisasjonane, Nav og Innovasjon Norge finne ut av i fellesskap, seier fylkesordførar i Hordaland, Tom Christer Nilsen.
SKAL LEIE: Fylkeskommunen, her ved fylkesordførar Tom Christer Nilsen, skal leie arbeidet.
Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK- LES OGSÅ:
– Lite pengar
Leverandørindustrien er hardt råka av fallet i oljeprisen. Mange tilsette har blitt sagt opp, og det er venta fleire oppseiingar i tida framover.
Til saman har regjeringa sett av fire milliardar kroner for å takle den aukande arbeidsløysa. Det er mellom anna føreslått ei rekke tiltak innan vedlikehald, bygg, innovasjon og næring.
Omstillingspakken på 20 millionar er det mest konkrete tiltaket inn mot leverandørindustrien.
– Det er betre med 20 millionar enn ingen millionar, men eg trur utfordringane på Vestlandet krev langt meir enn dette. Håpet må vere at dette er starten på eit arbeid og at meir midlar vil bli gjort tilgjengelege, seier nestleiar i forbundet Industri Energi, Frode Alfheim.
Ein drope i havet
Også oljegründer i Stavanger, Ståle Kyllingstad, har lite tru på pakken.
– Ideen bak tiltaket er bra, men summen er for liten. Det blir som å pisse i sjøen. Eg hadde også trudd at Rogaland, som er hardast råka, ville få ansvaret for å distribuere pengane, seier han.
LITE TRU: Oljegründer Ståle Kyllingstad meiner 20 millionar er for lite.
Foto: Eirik Gjesdal / NRK- LES OGSÅ:
– Ei brikke i puslespelet
Fylkesordføraren er til dels einig i kritikken.
– Dette er ei brikke i eit stort puslespel. Både NAV og Innovasjon Norge, som fekk meir midlar i dag, vil kunne gjere midlar tilgjengelege ved behov, seier Nilsen.
Det er fylkeskommunen som sjølv har tatt initiativ til samarbeidet i vest. Difor vil ha dei koordineringsrolle.
– Der finst også mange gode initiativ i Rogaland, men der er ikkje andre forum som tvingar oss til å setje oss saman og sjå heilskapen på tvers av fylkesgrensene, noko eg trur er viktig, seier Nilsen.
Han meiner det er viktig at politikarane ikkje lagar lokalpolitikk ut av samarbeidet.
– Det er alle partar sitt ansvar. Vi kan ikkje berre peike på vår eigne nærområde. Midlane skal brukast der behovet er størst, seier Nilsen.