NRK Meny
Normal

Regjeringa meiner budsjettet vil bety fleire tusen nye arbeidsplassar

Storsatsing på jernbane, veg og vedlikehald skal mellom anna demma opp for tapte arbeidsplassar i oljeindustrien. – Men det er ikkje sikkert at det vil bidra til meir enn å frysa talet på arbeidsledige, seier direktør i NAV Rogaland, Truls Nordahl.

Sporveksel på Oslo S

59,4 milliardar kroner skal brukast til veg og jernbane til neste år. Berre dette meiner samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen vil gi 4000 nye arbeidsplassar i samferdslesektoren over heile landet.

Foto: Øystein Grue, Jernbanemagasinet

Truls Nordahl

Truls Nordahl er NAV-direktør i fylket som er hardast råka av kutta i oljeindustrien. På to året har fylget gått frå å ha det lågaste talet på arbeidsledige til å bli fylket med nest flest arbeidsløyse.

Foto: Ine Eftestøl/NRK

Innsparingar og kutt i oljesektoren har ramma hardt i heile vestlandsregionen og gir ringverknader for heile landet. Ifølgje Statistisk sentralbyrå vil 30.000 oljejobbar innan kort tid vera vekke.

Dette er ein situasjon som Siv Jensen har hatt langt framme i pannebrasken når ho har sitte med årets statsbudsjett. Og for Truls Nordahl, som er NAV-direktør i det hardast råka fylket, Rogaland, var det mykje positiv lesing då budsjettet blei lagt fram i dag.

Glad for «krisebudsjett»

Massiv satsing på samferdsel og ei eiga tiltakspakke på fire milliardar kroner for å auke sysselsetjinga var det han gleda seg mest over.

– Det er bra at det blir satsa på bygging og vedlikehald av offentlege bygg og meir arbeid knytt til veg og jernbane. Dette skaper reelle jobbar, i alle fall for ein periode, seier Nordahl.

Han er også glad for at Nav har fått ekstra midlar til å gjennomføra kurs for mellom anna omskolering av arbeidsledige.

Men det er nødvendigvis ikkje nok for å få talet på arbeidsledige ned.

– 4000 nye jobbar i samferdslesektoren

59,4 milliardar kroner skal brukast til veg og jernbane til neste år. Berre dette meiner samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen vil gi 4000 nye arbeidsplassar i samferdslesektoren over heile landet (sjå video).

– Eg får ikkje lov å trykka dette i noko dokument, for det er eit anslag. Men det er eit anslag som er gjort av fagfolk, sa han då han la fram budsjettet på Universitetet i Stavanger i dag.

Han legg til at dette kjem i tillegg til dei nye arbeidsplassane som vil koma som følgje av tiltakspakken på fire milliardar.

Ein tiltakspakke der ein føreslår ei rekke tiltak innanfor vedlikehald og bygg, samt innovasjon og næring. Dette er mellombels tiltak som skal kunne reverserast om nødvendig.

Ketil Solvik Olsen, samferdselsminister Frp anslår hvor mange arbeidsplasser det nye budsjettet skal legge til rette for

SJÅ VIDEO: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen meiner at pengane som skal brukast på veg og jernbane vil gi 4000 arbeidsplassar.

Kan i alle fall frysa arbeidsløysa

Berre i Rogaland er det nå 9800 arbeidsledige. Nordahl er ikkje overbevist om at dette talet vil bli mindre, trass samferdsle-milliardane og sysselsetjingspakka.

– Det kjem an på om nedbemanninga i oljeindustrien held fram etter nyttår. Då er det i så fall uvisst om arbeidsløysa vil gå ned eller om det berre vil bidra til at arbeidsløysa ikkje blir høgare, seier han.

Og utsiktene i olje- og leverandørindustrien er framleis høgst usikker. Økonomar og bedriftsleiarar NRK har snakka med, meiner at budsjettet ikkje gjer nok for at selskapa i denne bransjen kan gå inn for ei mjuk landing.

For NAV sin del er det knytt stor spenning til utdelingane av dei siste Johan Sverdrup-kontraktane.

– Kor desse kontraktane hamner kan spela ei stor rolle for situasjonen i arbeidsmarknaden, seier Nordahl.