NRK Meny
Normal

Sjeføkonom om krisepakka: – Oljebransjen blir straffa

Medan Siv Jensen meiner statsbudsjettet er skreddarsydd for norske bedrifter i krisetider, er verken sjeføkonom Kyrre Knudsen eller oljegründer Ståle Kyllingstad like overbevist.

Kyrre Knudsen, sjeføkonom i SR-bank

Kyrre Knudsen er sjeføkonom i Sparebank 1 SR Bank. Dei har i dag følgd framlegginga av statsbudsjettet nøye.

Foto: Inger Johanne Stenberg / NRK

Det siste halvanna året har ifølgje DNB Markets omkring 25.000 oljejobbar blitt borte i Norge. Derfor presenterte Siv Jensen i dag eit statsbudsjett med fokus på å få folk i jobb ved å mellom anna setja av fire milliardar kroner til satsing på vedlikehald og bygg.

I tillegg blir det sett av 20 millionar som skal gå til omstillingstiltak i oljeservicebedriftene.

Økonomar og bedriftsleiarar NRK har snakka med meiner likevel at regjeringa gjer for lite for dei mange tusen som framleis skal leva av petroleumsindustrien.

– Det er veldig bra at dei stimulerer til omstilling, men det er rart at dei vil straffe oljeselskapa, seier sjeføkonom i Sparebank 1 SR-Bank, Kyrre Knudsen.

Kritisk til særskatt

Han reagerer på at særskatten for oljeselskapa går opp frå 51 til 53 prosent. Samstundes går selskapsskatten går ned frå 27 til 25 prosent.

Dette vil dei at oljeselskapa framleis må betala 78 prosent i skatt.

– Me har ein oljesektor og ein leverandørindustri som er inne i krevjande tider. Då er det rart å ikkje gi skattelette på nøytralt grunnlag. Omstillinga vil koma uansett på grunn av dårlegare marknadsutsikter, seier Knudsen.

– Blir ikkje lettare å investera

Oljeselskapa er i seg sjølv ein gigantisk arbeidsgivar på Vestlandet, og dei er i tillegg oppdragsgivaren til leverandørindustrien. Inge Brigt Aarbakke er ein av fleire bedriftsleiarar som har oljeselskapa som sine einaste kundar. Han har nyleg sagt opp 30 arbeidarar på grunn av dei dårlege tidene.

Aarbakke group

Inge Brigt Aarbakke er direktør i oljeservicebedrifta Aarbakke, som nyleg har slanka staben sin med 30 mann.

Foto: Hansen, Alf Ove / NTB Scanpix

Også han er kritisk til at oljeselskapa ikkje får nyta godt av skatteletten som kjem til alle andre.

– Det blir i alle fall ikkje lettare for oljeselskapa å investera. Dersom dei sit att med meir pengar etter ei utbygging, ville dei fått det lettare gjennom sine system og motivasjonen for å satsa hadde vore større.

Kyrre Knudsen meiner likevel at budsjettet fungerer godt når det kjem til å få arbeidsløysa ned og stimulera til satsing på nye område.

– Generelt sette er det eit ganske bra budsjett som er tilpassa situasjonen me er i. Det er bra at dei aukar oljepengebruken utan at det går for mykje ut over den svake krona, som er viktig for eksportindustrien.

Saknar satsing på prosjekt

Oljegründer Ståle Kyllingstad, som er leiar for IKM-gruppa, er ein av dei mest profilerte talspersonane for leverandørindustrien.

Han er først og fremst skuffa over at det ikkje ligg ei målretta satsing mot konkrete prosjekt, for å sikra arbeid for dei som framleis er att i oljesektoren.

– Skatteordninga for oljeselskapa trur eg me kan leva med. Det hadde vore viktigare å forløysa aktivitet ved å gå på eit konkret prosjekt slik regjeringa gjorde under Snøhvit-utbygginga då det også var dårlege tider, seier Kyllingstad.

Han meiner at Johan Castberg-feltet i Barentshavet hadde vore eigna for denne type satsing.

– Det kunne kome ein tiltakspakke retta inn mot dette, seier han.

Ståle Kyllingstad og Torgeir Salte i maskineringshallen til IKM Maskinering

Ståle Kyllingstad er oljegründeren bak IKM-gruppa. Han meiner at regjeringa si omstillings-pakke til leverandørindustrien på 20 millionar kroner, er alt for liten.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

20 mill. til omstilling

Den mest konkrete tiltakspakken som har kome til leverandørindustrien er 20 millionar kroner som skal brukast på omstillingstiltak i bedriftene på Sør- og Vestlandet.

Dette er ein pakke Kyllingstad har lite tru på.

– Ideen bak tiltaket er bra, men beløpet er alt for lite. Dette blir som å pissa i sjøen for å sjå om det aukar, seier han.

Han syns også at det er rart at det er Hordaland fylkeskommune som får ansvaret med å distribuera desse pengane.

– Eg hadde trudd at det skulle vera Rogaland, for eg trur det er Rogaland som blir hardast råka.

Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) varsler at totalsummen kan bli større enn dei 20 millionane som regjeringa føreslår i budsjettet.