Hopp til innhold

Staten vil ikkje at Vesam får bli i Noreg

Vesam Heydari har fleire gongar sigra over den norske stat i retten. Likevel må han etter 12 år i landet vente på nok ein omkamp.

Vesam Haydari

FØRDE KYRKJE: Staten ved Utlendingsnemda (UNE) varslar at dei anker saka mot Vesam Heydari (bilete) til Høgsterett

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Dette er svært underleg, og ein stor tilleggsbelastning for klienten min, seier Jostein Løken, som er advokat til Vesam Heydari.

Heydari (42) kom til Noreg frå Iran i 2009. Tre år seinare fekk han avslag på asylsøknaden, og sidan den gong har Noreg ville kasta han ut.

Sist i september i Borgarting lagmannsrett.

No blir det også ein runde i Høgsterett, om Høgsterett vil.

1. oktober varsla Utlendingsnemda (UNE) de dei anker saka til topps i det norske rettssystemet (les grunnlaget i faktaboks). UNE er klageinstansen til Utlendingsdirektoratet (UDI).

Høyesterett

NESTE STOPP: 1. oktober varsla Utlendingsnemda (UNE) de dei anker Heydari-saka til topps i det norske rettssystemet.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

– Bør akseptere nederlaget

Løken seier regjeringsadvokaten ville stått seg på å «akseptere nederlaget». Han trur Høgsterett vil avvise anken sidan han baserer seg på juridiske spørsmål «som allereie er grundig avklart».

Det avviser UNE.

– Vi anker av prinsipielle grunner. Vi meiner det er behov for å avklare kva for rettslege rammer som gjeld når UDI og UNE skal gjere ein framtidsretta vurdering av om ein konvertitt risikerer forfølging ved retur, seier fungerande avdelingsleiar i UNE, Rolf Tore Thomassen.

I juni tapte ein afghansk kyrkjeasyl-familie på Hønefoss i Høgsterett. Det var første gang Høgsterett behandla ein såkalla konvertittsak.

Heydari var muslim før han vart kristen, og sentrale spørsmål har vore om han er «strategisk konvertitt», kor mykje han har «eksponert» trua si, og kva som er risikoen ved retur til heimlandet Iran.

Heydari bur i dag på øya Stord i Vestland. NRK fortalde historia hans i 2017.

Talet på muslimar som konverterer til kristendomen har auka dei siste åra, og auken er tydeleg blant asylsøkjarar. Konvertittatane fryktar fengsel og tortur i heimlandet. Likevel får mange avslag på asylsøknaden. 
  

  

– Har sendt tallause e-postar

I anken gjer staten eit poeng av at Heydari har «utvida sin kristne aktivitet» og viser til ein artikkel i Bergens Tidende frå 2018 der det vert påstått at Heydari «har sendt tallause e-postar til BT og bedt avisa skrive om han».

Jon Ole Martinsen er seniorrådgjevar i Norsk organisasjon for asylsøkjarar (NOAS).

Han omtaler deler av anken som «oppsiktsvekkande», og legg til at han «nesten ikkje har ord».

– Staten skriv faktisk at om du skal få prøvd om vedtaket var rett eller feil, så må du først bli utsett for forfølging.

Han viser til følgjande passasje i anken:

«I de få tilfellene der utlendingen etter retur utsettes for forfølgelse, og vedkommende anfører at avslaget på asyl er ugyldig, vil domstolen måtte vurdere om prognosen utlendingsmyndighetene foretok var forsvarlig gitt det faktum man hadde på vedtakstidspunktet.»

– Eg må seie at eg reagerer sterkt på dette. Det verker som staten i liten grad ønsker domstolskontroll av egne vedtak, og det er svært, svært urovekkande, seier Martinsen.

Konvertitt ber

FØRDE KYRKJE: Staten ved Utlendingsnemda (UNE) varslar at dei anker saka mot Vesam Heydari (knelande) til Høgsterett

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Unødvendig av UNE å anke

I august fekk konvertittar i Noreg utvida rett til nemndmøtehandsaming.

– Når Heydari har fått medhald for sin sak både i lagmannsretten og tingretten, synest eg det er unødvendig av UNE å anke saka til Høgsterett, seier Halvor Nordhaug, som er biskop i Bjørgvin.

Han legg til at «norske styresmakter har lagt seg på ein altfor streng linje når det gjeld kristne konvertittar frå Iran».

Offisielle iranske tal seier at det er 117.000 kristne i Iran, medan World Christian Database opererer med talet 547.000.

Ifølge World Watch List 2021 er Iran det åttande verste landet i verda å leve ut si kristne tru.

I konvertittsakar baserer UNE seg på informasjon frå Landinfo, som er namnet på Utlendingsforvaltninga si fageining for informasjon om ulike land.

I ein rapport frå 2019 konkluderer dei med at: «hovudbiletet (i Iran) er framleis at konvertittar som utøver høg aktivitet, eller har organisatoriske roller, normalt vert ramma hardare enn dei som held lågare profil.»

– Det er vårt inntrykk at situasjonen ikkje har endra seg vesentleg etter at rapporten vart publisert, seier Aslak Vardund, som er rådgjevar ved Midtøstendesken hos Landinfo.

Både politi og befolkning bærer masker for å beskytte seg mot virussmitte i Irans hovedstad Teheran.

ULIKE TAL: Offisielle iranske tal seier at det er 117.000 kristne i Iran, medan World Christian Database opererer med talet 547.000.

Foto: Ebrahim Noroozi / AP

Dødsstraff – i prinsippet

Morten Askeland er generalsekretær i Åpne Dører, som hjelper forfølgde kristne i over 70 land.

– Å konvertere til kristen tro er i prinsippet forbunde med dødsstraff, men har ikkje blitt praktisert i Iran dei siste åra. I staden blir kristne skulda for «brotsverk mot den nasjonale tryggleiken» og dømt til lange fengselsstraffer, seier han.

– Ein annan vanleg skulding er «handlingar mot nasjonens tryggleik ved å delta i kyrkjelege samlingar i folks heim», noko som viser at terskelen for å arrestere ikkje trenger å vere så høg. Det er nok at du er «aktiv».

I 2007 fortalde NRK om ein konvertitt som vart konfrontert med bilete frå dåpen i Noreg ved heimkomst til Iran.

Å vere open om trua (i motsetning til diskre) er dekka i trusfridomen slik han er definert i menneskerettighetserklæringen artikkel 18 (om å utøve sin tro).

– Det kan virke som om norske styresmakter ikkje forstår kor djupt trua stikker for ein del menneske, seier Askeland.