Hopp til innhold

Meiner fleire tusen muslimar har konvertert til kristendomen

Det har vore ein vekst i talet på muslimar som skiftar religion til kristendomen, særleg blant asylsøkjarar.

Konvertitt ber

BØNN: Vesam Heydari (38) har snudd ryggen til islam og har i årevis vore aktiv i kristent arbeid. Noreg vil likevel sende han ut.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det er eit radikalt brot å gjere ei så stor religiøs reise, som å forlate islam og gå over til kristendomen, seier religionsvitar ved UiO Nora Stene.

Stene har forska på konvertittar blant asylsøkjarar, og fortel at det er fleire grunnar til at mange av dei vel å konvertere.

– Forskinga syner at folk som konverterer til ein annan religion gjerne står midt oppe i ei krise. Det må vi jo seie at asylsøkjarar gjer.

Talet på muslimar som konverterer til kristendomen har auka dei siste åra, og auken er tydeleg blant asylsøkjarar. Konvertittatane fryktar fengsel og tortur i heimlandet. Likevel får mange avslag på asylsøknaden. 
  

SJÅ TV-SAK: Talet på muslimar som konverterer til kristendomen har auka dei siste åra, og auken er tydeleg blant asylsøkjarar.

Stene trur også mange asylsøkjarar har blitt eksponert for kristendomen medan dei har vore på flukt.

– Mange asylsøkjarar har treft på kristne folk langs heile fluktruta. Dei har gitt dei mat, klede og opphald. Mange asylsøkjarar har fått eit godt inntrykk av kristne.

Stor auke i tal på konvertittar

Det er ikkje så lett å talfeste kor mange muslimar som har konvertert til kristendomen, for det finst ikkje noko oversikt over slikt. Vi veit at meir enn 900 menneske har søkt UDI om asyl med bakgrunn i å ha konvertert dei siste åra.

– Men talet er nok ein del høgare enn det, kanskje er det tale om nokre tusen, seier Stene.

Organisasjonen Kristent Interkulturelt Arbeid, som driv eit konvertittnettverk, trur det kan vere tale om rundt 5000.

– Konvertittar må få vern

I land som Iran er det ulovleg å forlate islam, og mange av dei som konverterer søkjer asyl og hevdar at dei risikerer bli straffa om dei reiser tilbake til heimlandet.

– Vi kan ikkje sende folk tilbake til land der dei risikerer å bli forfølgt for trua si. Norge har faktisk eit rettsleg ansvar for å gje slike konvertittar vern, seier stortingsrepresentant for KrF Line Henriette Hjemdal.

I går omtalte NRK 38 år gamle Vesam Heydari i Førde, som hevdar at han risikerer fengsel og tortur om han reiser tilbake til Iran. Tidlegare har vi omtalt ein iransk konvertittfamilie som har gått i kyrkjeasyl etter at dei fekk avslag på asylsøknaden sin.

Meiner det er trygt å konvertere

Men Statssekretær i justisdepartementet Torkil Åmdal sa til NRK i går at regelverket allereie sikrar rettstryggleiken til asylsøkjarar som har konvertert.

– Vi har eit ganske grundig og godt sakshandsamingssystem. Ein har klagetilgang både til UNE og til tingretten, så her skal det vere god rettstryggleik, seier Åmdal.

UNE har også konkludert med at det ikkje er utrygt for konvertittar å returnere til Iran.