Hopp til innhold

Høgskulen skal utvikla dei beste fotballtalenta

SOGNDAL (NRK): Dei beste fotballspelarane mellom 13 og 16 år i fylket skal satsast endå meir på av krins og klubb. No skal også Høgskulen vera med, og skal bidra med forsking og teknologi i jakta på den neste toppspelaren.

Ingvar Stadheim på Bakkeplassen

OPNA BAKKEPLASSEN OG DELTE UT STIPEND: Ingvar Stadheim (midten), styreleiar i Svein Bakkes minnefond, seier dei vil følgja prosjektet tett. – Me held oss til statuttane i minnefondet, og har heile tida tenkt «kva ville Svein tenkt?».

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Før kampen mellom Sogndal og Florø, vart Bakkeplassen offisielt opna. Sittekroken er til minne om Svein Bakke, sogndallegenda som gjekk bort i 2015.

På opninga delte Svein Bakke sitt minnefond også ut sitt første stipend. 450.000 kroner gir dei til eit prosjekt der Høgskulen på Vestlandet, dei tre toppklubbane i Sogn og Fjordane og fotballkrinsen skal samarbeida om talentutvikling.

– Ikkje breiddefotball

– Det kan bli diskusjon av dette, for her må me satsa på dei beste. Dette er ikkje breiddefotball, seier Ingvar Stadheim, styreleiar i Svein Bakke sitt minnefond.

Høgskulen samarbeider allereie med Sogndal Fotball om forsking og utdanning innan fotball. No skal dei også samarbeida om utviklinga av talent, saman med Kaupanger, Florø og fotballkrinsen.

Målet er å laga ein god treningskvardag for dei beste talenta i Sogn og Fjordane i alderen 13–16 år. Sjølv om prosjektet er heilt i oppstartsfasen, ser Høgskulen for seg ei tett oppfølging av spelarane krinsen reknar som dei største talenta. Dei vil til dømes:

  • Sjå på treningsbelastinga til spelarane.
  • Finna ut kor mykje og kor hardt dei trenar.
  • Laga fleire samlingar utover dei krinsen allereie tilbyr
  • Testa og kartlegga spelarane
  • Undersøka viljestyrke og motivasjon
  • Undersøka «fotballhovudet» deira
  • Måla ferdigheiter og utvikla spisskompetanse

– Me kan hjelpa spelaren å ha ein tilrettelagt treningskvardag. Men spelaren må villa dette, foreldra må villa dette og klubben må villa dette, seier Stadheim.

Forsking og analyse

Vegard Fusche Moe

HØGSKULEFOTBALL: Vegard Fusche Moe la fram sine høgskulen sine visjonar for prosjektet då dei fekk tildelt 450.000 kroner på opninga av Bakkeplassen søndag.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er i hovudsak eit utviklingsprosjekt der me ønskjer å stimulera til meir og betre aktivitet hjå dei beste spelarane, seier Vegard Fusche Moe, forskingsprogramleiar ved Høgskulen på Vestlandet.

– Men sidan Høgskulen er med i prosjektet, så ønskjer me også å driva forskingsarbeid på det. Det vil handla om å dokumentera dei fysiske sidene, dei mentale sidene og prøva å koma fram til ny kunnskapsutvikling på feltet, held han fram.

Sogn og Fjordane fotballkrins håpar prosjektet vil gi meir kvalitet i talentarbeidet dei allereie gjer.

– Det er først og fremst teknologi og forsking. Det er mykje synsing i fotball. Me syns me har trena hardt, men så er det ikkje sikkert me har det. Me er opptekne av å få dokumentert mest mogleg, seier Jan Tore Jåstad, spelarutviklar i Sogn og Fjordane fotballkrins.

– Talent er mangelvare no

Då Sogndal selde det unge, lokale talentet Johan Hove (17) til Strømsgodset førre veke, vart det mykje diskusjon rundt Sogndal Fotball sin lokale profil og satsing. Sogndal-trenar Eirik Bakke håpar dette prosjektet vil gjera at fleire talent tek steget opp til dei største fotballscenene i fjordfylket.

Eirik Bakke

VIL HA FLEIRE TALENT: Sogndal-trenar Eirik Bakke

Foto: Christian Blom

– Det er litt mangelvare nett no, men det kjem mange gode talent. Då er det viktig at me legg til rette for at dei skal få ein moglegheit til å koma så langt som mogleg. Dette vil bidra til det, seier han.