Hopp til innhold

Høgre vil la uføre behalda meir av løna - Ap seier nei

Høgre meiner uføre som jobbar må få behalda meir av eiga inntekt utan å mista trygd. – Veldig positivt. Me er klare for å jobba, seier Guri Anne Egge.

Guri Anne Egge

POSITIV: Guri Anne Egge er glad for at fleire politiske parti meiner uføre må kunna tena meir utan å få kutt i trygda.

Foto: Synnøve Astrid Malt / NRK

– Uføre tener veldig lite på å prøva å jobba i tillegg, fordi dei då får veldig store kutt i uføretrygda. Me ønsker jo å motivera uføre til å jobba så mykje dei kan og orkar. Då må me sørga for at dei sit att med litt meir av lønna si.

Det seier 1. nestleiar i Høgre, Henrik Asheim.

Det årlege fribeløpet er i dag vel 47.000 kroner. I regjeringa (Arbeidarpartiet og Senterpartiet) sitt forslag til statsbudsjett for neste år er det ikkje lagt opp til å gjera det meir lønsamt for uføre å jobba.

Torsdag legg Høgre fram sitt alternative forslag til statsbudsjett for 2024.

Der føreslår partiet ei endring i reglane for kor mykje uføretrygda blir kutta når ein har løna jobb ved sida av.

Høgre meiner at med deira forslag vil uføre få behalda opptil fleire titals tusen kroner meir av den årlege trygda si enn i dag.

– Me føreslår å gjera ordninga betre, og ingen får ei dårlegare løysing enn dei har i dag, seier Asheim.

Sosialistisk Venstreparti (SV) og Raudt går lenger. Dei vil la uføre behalda over 118.000 kroner av brutto årsløn utan å mista trygd – rundt 70.000 kroner meir enn dei i dag.

Henrik Asheim snakkar med Guri Anne Egge.

Henrik Asheim møtte i vinter Guri Anne Egge. Ho opplevde at Nav kravde tilbake uføretrygda ho hadde fått for dei siste månadane før ho klarte å byrja i full jobb.

Foto: Synne Sørenes / NRK

Urimelege konsekvensar

Det er over 360.000 nordmenn som er delvis eller heilt uføretrygda. Det utgjer ca. 10,5 prosent av folk i arbeidsfør alder.

Partia på Stortinget var ganske samstemde då NRK i vinter avslørte ulike urimelege økonomiske konsekvensar uføre får viss dei jobbar.

Eit stort fleirtal av partia kravde å retta opp slike utslag i dagens regelverk.

Les også «Å arbeida skal lønna seg», men staten tar 65 prosent av lønna når uføretrygda Mats jobbar

Mats Bendiksen

– Veldig glade

Bergenske Guri Anne Egge var ei av dei NRK møtte i vinter.

Ho er tidlegare uføretrygda, no i jobb i Medvind Assistanse. Ho er også regionleiar i Noregs Handikapforbund Sørvest.

Ho helsar velkommen at dei politiske partia «konkurrerer» om å gje uføre betre økonomiske kår.

– Me er veldig glade for at dette har komme opp og blir diskutert. Det er noko me har venta lenge på. Me er positive til alle endringar som går i rett retning.

Ho seier ønsket er at fribeløpet blir auka slik SV og Raudt har føreslått.

– Me merkar ei positiv endring i arbeidslivet, der det er meir fokus på å tilsetja folk som ikkje er heilt A4. Derfor treng me no ein heilskapleg politikk som støttar opp om dette, seier ho.

Guri Anne Egge

Guri Anne Egge er glad for at det er politisk vilje til å gjera det gunstigare for uføre å jobba på sida av trygd.

Foto: Synnøve Astrid Malt / NRK

Vil kosta staten 616 millionar kroner årleg

Prislappen på Høgres forslag blir ifølgje partiet sjølv 616 millionar kroner i året.

Sidan forslaget berre vil gjelda for halve året i 2024, blir ekstrautgiftene for staten det året rundt 307 millionar kroner, ifølge Høgre.

– Korleis skal de spara inn dei 616 millionane?

– Til dømes ved å ikkje gi norske arbeidstakarar feriepengar året etter å ha vore arbeidsledige på arbeidsløysetrygd. Og me beheld karensåret på arbeidsavklaringspengar (AAP), slik at ordninga får fortgang og folk blir avklart raskare, seier Asheim.

Han understrekar at det framleis skal løna seg å jobba, men spørsmålet er kor mykje det skal løna seg.

– Det må bli meir lukrativt enn i dag.

Henrik Asheim

Henrik Asheim (H) seier at mange uføre i dag sluttar å jobba når dei har nådd fribeløpsgrensa.

Foto: Javad Parsa / NT

Arbeidarpartiet: – Dagens reglar er gode

Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap) svarar skriftleg til NRK.

Alle som kan og vil skal få jobba, og det skal alltid lønna seg. Eg meiner at dagens reglar i all hovudsak fungerer godt.

Ho skriv at ho «ønsker velkommen brei einigheit om arbeidsretta velferdsordningar, for me er heilt avhengige av fleire hender og hovud i jobb.»

– Eg er glad for at også Høgre innser verdien av arbeidslinja. Eg håpar dei samtidig forlèt gamle idéar som å innføra karensår for folk som er i ferd med å bli arbeidsavklart. Ingen blir friskare av å bli fattigare.

Det same meiner Egge:

– Karensår for folk på AAP er heilt katastrofalt for dei det gjeld. Rein galskap. Om det er det som er konsekvensen av å auke fribeløpet, er det nesten sånn at dei heller får la vera.

Regjeringa vil vurdera endring

Brenna svarar ikkje konkret på kvifor regjeringa ikkje føreslår endringar i fribeløpsgrensa i 2024-budsjettet.

– Eg har heile tida vore klar på at dersom systemet står i vegen for om det løner seg å jobba, må me sjå om det er nødvendig med tilpassingar. Snart sender me ut eit oppdrag om å få greidd ut ulike sider knytt til reglane for å kombinera uføretrygd og arbeid, blant anna knytt til å auka fribeløpet, skriv Brenna.

Tonje Brenna

Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap) meiner at dagens reglar fungerer godt.

Foto: William Jobling / NRK

– Til Tonje Brenna vil eg seie at det har gått mange år no der det har skjedd svært lite. No vil eg oppmoda sterkt til å komma i gang med arbeidet, seier Guri Anne Egge.

– Snakk med dei det gjeld og høyr på dei. Vi er oppe og vi er klare for å jobbe.

– Det er fullt mogleg å tenkja arbeidslinje, men framleis ha velferdsytingar «som ein ikkje svelt i hel av», seier Egge.

NRK retter: Tidlegare stod det talfesta kor mykje meir uføre kunne behalda av løna si. Dette var basert på ei misforståing, fordi reknestykket blir ulikt for kvar enkelt uføretrygda. Det er endra 23. november kl. 10.36.