Hopp til innhold

Høgre bryt med ordførar etter «sjikane på nattetid»

Konflikt med ordføraren gjer at Kinn Høgre trekker seg frå det politiske samarbeidet i kommunen. Ein kommentar natt til søndag skal ha vore dropen.

Kinn Kommune

KONFLIKT: Konflikt med ordføraren gjer at Kinn Høgre trekker seg frå det politiske samarbeidet i kommunen.

For eitt år sidan inngjekk Høgre, Arbeidarpartiet og Venstre eit politisk samarbeid om styringa av Kinn kommune.

Men etter det som skal ha vore «eit utfordrande samarbeid» over tid er det slutt.

Utløysande for brotet skal vere ei hending i helga, der Arbeidarparti-ordførar Ola Teigen skal ha «sjikanert» gruppeleiar for Høgre, Arlene Vågene.

– Ordføraren gjekk langt over streken, seiar Vågene.

Teigen skal også ha kome med merknad om at Vågene hadde søkt på ei kommunal stilling.

– Han kunne fortelje at den jobben kunne ho berre gløyme å få, seier leiar i Kinn Høgre, Bjørn Hollevik.

Konsekvensen er at Høgre bryt alt samarbeid med Arbeidarpartiet – «med umiddelbar verknad», seier han.

Ordførar Ola Teigen (Ap) svarer slik:

– Eg kjenner meg ikkje att i beskrivinga. Elles vil eg ikkje kommentere kva vi har snakka om på tomannshand.

Den politiske styringa av Kinn kommune har vore omstridd, og Asbjørn Røiseland, professor i statsvitskap ved Oslo Met, har skulda dei for å innføre «ein slags skinnparlamentarisme».

Ola Teigen

ORDFØRAR: Ola Teigen (Ap) ber ordførarkjeda i kystkommunen.

Kan bli utfordrande for politisk styring

Frank Willy Djuvik er leiar i Kinn Frp.

– At to sentrale politikarar i Kinn oppfører seg på ein slik måte privat at det får konsekvensar for styringa av kommunen, er kritikkverdig og lite profesjonelt, seier han.

– Som ansvarleg politikar må du klare å skilje mellom oppgåva som tillitsvald for innbyggjarane og private meiningar eller forhold. Denne private situasjonen kan no i verste fall føre til store utfordringar med den politiske styringa.

Frank Willy Djuvik

KAN BLI UTFORDRANDE: Frank Willy Djuvik, leiar i Kinn Frp opplever konflikten som svært uprofesjonell og lite tillitvekkande.

Foto: Christian Lura / NRK

Også tidlegare har det vore hard maktkamp i Kinn kommune.

I fjor mista varaordførar Sidsel Kongsvik løna over natta.

– Eg synest det er frykteleg uheldig og beklageleg at ting som skjer privat får så store konsekvensar for det politiske samarbeidet, seier ho til NRK.

Kinn kommune er blitt omtala som «Noregs raraste» fordi den ikkje heng saman. Gamle Flora og Vågsøy utgjer kommunen, men Bremanger kommune deler han i to.

Trass i at regjeringa sa nei til den nye kommunen, trumfa eit fleirtal på Stortinget (Ap, Venstre og Frp) gjennom samanslåinga.

Lokalt er også samanslåinga omstridt fordi kommunestyrefleirtalet i Vågsøy i to rundar overkøyrde eit klart nei-fleirtal i befolkninga.

Jacob Nødseth er gruppeleiar for det tredje samarbeidspartiet: Venstre.

– Eg har oppmoda til at vi kan sette oss ned for å snakke ut om det som er vanskeleg og krevjande, og det forventar eg at alle er innstilt på, seier han til NRK.

– Eg opplever at både Ap og Høgre har tillit til meg og Venstre, og vi vil gjere det vi kan for å bidra til at ein kjem gjennom dette på ein måte som gjer at vi framleis kan drive ein politikk i Kinn som bygger og utviklar kommunen.