Maktkamp i Kinn: Varaordføraren mista løna over natta

Varaordføraren i Kinn kommune mistar 570.000 kroner i løn. Ap, Høgre og Venstre tar pengane og deler dei ut til sine eigne folk i kommunestyret.

Sidsel Kongsvik

PRESSA VEKK: Varaordførar Sidsel Kongsvik mistar både inntekter og oppgåver på grunn av politisk krangel mellom partia.

Foto: RAGNE B. LYSAKER / SENTERPARTIET

– Dette syner ein heilt ny grad av grådigheit og kynisme i Kinn-politikken, seier Frank Willy Djuvik (Frp).

Over natta kuttar Kinn kommune stillingsbrøken til varaordførar Sidsel Kongsvik (Sp) frå 80 til 4,5 prosent.

Med eitt vert dermed løna redusert med om lag 570.000 kroner – frå 632.000 til 50.000 kroner.

Bakgrunnen er ei ny samarbeidsavtale mellom Arbeidarpartiet, Venstre og Høgre. Pengane kommunen sparar skal gå til auka godtgjersle til partia sine fire eigne utvalsleiarar.

Avgjerda om å setja varaordføraren til sides har skapt sterke reaksjonar.

– Her gløymer ein at det er menneske og familiar opp i dette. Ein nullar ut løna til nokon over natta og fordeler ut pengane til sine eigne partifellar. Det manglar sidestykke, seier Djuvik.

Kongsvik er åleinemor til to born, og hadde tatt permisjon frå jobben sin i Nav i fire år for å følgje opp det politiske vervet.

– Kjenner at akkurat no, med så mange tankar og kjensler i sving, så blir det feil å uttale seg, skriv Kongsvik i ei melding til NRK.

Frank Willy Djuvik

SKAKA: Frank Willy Djuvik (Frp) er sjokkert etter at varaordføraren har blitt fråteken mesteparten av løna si.

Foto: Adam Pietrzak / Adam Pietrzak

– Får sparken for open mikrofon

Kongsvik gjekk for fyrste gong inn i politikken ved valet i fjor haust, der Sp gjorde eit brakval i Kinn kommune, som har 17.200 innbyggarar.

Ein varaordførar kan ikkje avsetjast, og skal tre inn om ordføraren er indisponert.

Leiar i Kinn Sp, Nils Myklebust. vil no undersøke om avgjerda er lovleg.

– Ho får nærmast sparken for open mikrofon. Dette er simpelt og nedrig, seier han.

Professor i offentleg rett ved Universitetet i Bergen, Jan Fridthjof Bernt, ser ikkje vekk frå at det er ulovleg å kutte så kraftig i godtgjersla.

– Kommunestyret har stor fridom ved fastsetting av godtgjersle til varaordførar, og denne kan verte endra i ein valperioden. Men godtgjersla må vere basert på ein realistisk vurdering av omfanget av dei arbeidsoppgåvene varaordførar har. Vedtak om ein så omfattande reduksjon vil måtte kunne bli overprøvd av fylkesmannen, seier Bernt.

Ola Teigen og Sidsel Kongsvik

IKKJE IDYLL: Ordførar i Kinn Ola Teigen og varaordførar Sidsel Kongsvik frå eit tidlegare kommunestyremøte.

Foto: Svanhild Breidalen / FJT

Ap, Høgre og Venstre tek pengane

Bakteppet er politisk strid mellom Arbeidarpartiet og Senterpartiet. Dei to partia etablerte eit samarbeid etter valet saman med MDG og SV.

I vår lukkast ikkje partia å få til eit budsjettfleirtal, og i sommar innleia Arbeidarpartiet forhandlingar med Høgre og Venstre.

No har dei tre partia forhandla ferdig, i avtalen tar dei varaordførarløna og fordeler den ut til sine eigne utvalsleiarar frå Ap, Venstre og Høgre.

Ordførar Ola Teigen (Ap) forsvarar handlingane.

– Det er slik den politiske kvardagen er for dei fleste av oss, seier Teigen.

Men arbeidsporteføljen til varaordføraren skal endre seg. Og om ho må ta på seg oppgåver, skal ho få kompensert for tapt arbeidsforteneste, varslar Teigen.

– Vi meiner at i staden for å ha ein opposisjonspolitikar i 80 prosent frikjøp, er det betre at posisjonspartia som tar ansvaret for å styre kommunen får pengane. Det handlar om å ta vare på kommunen og innbyggarane.

Ola Teigen

ORDFØRAR: – Det er slik den politiske kvardagen er, seier Ola Teigen (Ap).

Foto: Truls Kleiven

Professor: – Trist på vegner av lokaldemokratiet

– Eg synest det er trist på vegner av lokaldemokratiet, og eit brot på heile filosofien og ideen om korleis eit kommunestyre skal fungere, seier professor i statsvitskap ved Oslo Met, Asbjørn Røiseland.

Han vil ikkje vurdere dei juridiske sidene ved saka, men meiner tilliten til lokaldemokratiet vert svekka.

– Kanskje treng Kinn nye politiske leiarar som må sjå ting med friske auge, seier han.

«Noregs raraste kommune»

Kinn kommune er blitt omtala som «Noregs raraste» fordi den er delt på begge sider av Bremanger kommune.

Trass i at regjeringa sa nei til den nye kommunen, trumfa eit fleirtal i Stortinget (Ap, Venstre og Frp) gjennom samanslåinga.

Lokalt er også samanslåinga omstridt fordi kommunestyrefleirtalet i Vågsøy i to rundar overkøyrde eit klart nei-fleirtal i befolkninga.

Kinn Kommune

KINN KOMMUNE: Kinn kommune vart til etter stor lokal motstand i Vågsøy, som er den nordlege delen av kommunen.

Røiseland meiner mange nye kommunar har jobba for lite med å få på plass gode politiske system.

– Mange har jobba mykje med det administrative, men kanskje ikkje brukt nok tid på å skape ein felles politisk kultur.

– Kanskje innanfor lova

Heilt sidan nyhenda sprakk i går kveld har det vore kraftige politiske reaksjonar.

– Eg trur Kinn bommar på kommunelova, skrev gruppeleiar på fylkestinget for KrF, Trude Brosvik i ei facebookmelding på morgonkvisten.

Sidan modererte ho seg.

– Eg trudde dei hadde valt ny varaordførar. Men har skjønt dei ikkje har gjort det. Så då er dei kanskje innanfor lova. Sjølv om det er ein veldig lite tillitvekkande måte å gå fram på. Eg skjønar saka er meldt inn til lovlegheitskontroll. Det er bra. Men for politisk samarbeid og tillitsbygging, så syns eg dette er trist.