Hopp til innhold

Høgare vågekvalkvote i 2023

Fiskeri- og havministeren har fastsett ein kvote på 1000 vågekval i 2023. Det er 83 fleire enn fjoråret.

– Norsk kvalfangst handlar om berekraftig forvaltning. Kvalfangsten følgjer strenge reglar, og vågekvalbestanden blir utnytta på ein forsvarleg måte. Skal vi no FNs berekraftsmål, må vi ete meir mat frå havet, ikkje mindre. Norsk kvalfangst er eit lite, men viktig bidrag til sunn og kortreist sjømat, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.