Hopp til innhold

– Du skal ikkje undervurdere krafta i eit godt vestlandsopprør

FØRDE (NRK): Politikarane i Vestland med Arbeidarpartiet i spissen, krev no at det viktigaste senteret for norsk språk og 40 arbeidsplassar blir flytta frå Oslo til Bergen.

Kari Sørensen Bernardini (Ap). Fremja benkeforslaget under fylkeskulturutvalet om krav om utflytting av Språkrådet frå Oslo til Bergen.

GODT GLIS: Kari Sørensen Bernardini (Ap) står i bresjen for eit aldri så lite opprør for å flytte om lag 40 statlege språk-arbeidsplassar til Bergen. Ho har også støtte for dette i bystyret i Bergen.

Foto: Bård Siem / NRK

Språkrådet er den statlege etaten som skal sørge for at norsk språkpolitikk blir sett ut i livet.

Dei har i alle år halde til i hovudstaden, men no manar politikarane nok ein gong til kamp for å ei flytting til Bergen.

I dag fekk Kari Sørensen Bernardini (Ap) med seg eit samrøystes kulturutval i Vestland på å krevje at språkpolitikken skal styrast frå Vestlandet.

– Det er ingen grunn til at vi ikkje skal breie desse statlege arbeidsplassane godt utover. Eg trur at kompetansen dei vil finne i Bergen kjem til å ta vare på Språkrådet sine behov.

– Kor realistisk er dette?

– Du skal ikkje undervurdere krafta i eit godt vestlandsopprør, så det kan godt vere at vi får til dette.

Ved fleire høve tidlegare har det blitt kravd ei flytting av Språkrådet, men desse forsøka har blitt stoppa.

– Vettet er jamt fordelt

Det er i dag om lag 40 tilsette i Språkrådet, som då eventuelt må bli med på eit tenkt flyttelass over fjella frå Oslo til Vestland.

Bernardini og dei andre politikarane meiner at Bergen og Vestland har eit knakande bra kompetansemiljø, som vil stette dei krava Språkrådet kan ha for å flytte.

– Det ligg godt til rette for at Språkrådet kan få ein retteleg god heim i Bergen, seier ho.

– Men legg de ikkje opp til ein heftig lokaliseringsstrid no?

– Som Ap-representant må eg nytte høvet til å sitere Monica Mæland frå Høgre som har sagt at vettet er jamt fordelt i Noreg.

Åse Wetås

VESTLENDING I OSLO: Åse Wetås er sjef i Språkrådet, men kjem opphavleg frå Sandnes.

Foto: Mariam Butt / NTB scanpix

– Politisk spørsmål

Direktør i Språkrådet, Åse Wetås, syner til at lokalisering av statlege verksemder er eit politisk spørsmål.

– Så det er det andre enn eg som avgjer. Eg er ikkje kjend med denne fråsegna, men eg håpar ho byggjer på god relevant kjennskap til organisasjonen og arbeidsoppgåvene våre, kommenterer Wetås på Twitter.

I dag er det fleire statlege prosjekt knytt til språk på Vestlandet. På Sunnmøre ligg Åsentunet som eit av få språkmuseum i Norden, og i Førde jobbar ein no med eit Nynorskens Hus.