Hopp til innhold

Historisk Meisterliga-kamp i Bergen – Brann vann 1–0 mot Slavia Praha

Det enda med ny triumf for Brann i det som var verdas første meisterligakamp på bergensk jord.

I det 21. minuttet stanga Larissa Crummer 1–0 i nettet etter målgjevande pasning frå Amalie Eikeland.

Brann Stadion, 22. november 2023 klokka 18.45. Ein historisk augneblink.

Opp mot 9.000 bergensarar har møtt opp i regn, vind og snautt ti grader celsius. Tilsynelatande ein ganske vanleg kveld i byen.

Men det som byrjar no har aldri skjedd før i verdshistoria: Ein Meisterliga-kamp i Bergen.

På heimebane skal kvinnelaget til Sportsklubben Brann møta Slavia Praha.

Vel ein månad før julaftan får Brann-fansen gåva dei har sunge om i årevis: ein meisterligakamp i heimbyen sin.

Dette er kampdag to i Meisterligaen.

Fasiten viser 8589 selde billettar i kveld.

– Brann er med det heilt i Europa-toppen når det gjeld tilskodartal i denne turneringa, konstaterer NRK sin kommentator Erik Dahm Rise.

Avspark er få straksar unna.

Ein dommarkvartett frå Romania står klar på «Staddaen» – som er bergensk slang for Brann Stadion.

Lågast rangert lag

Få har våga å spå kor gode Brann er samanlikna med motstandarane. Raudtrøyene er det lågast rangerte laget. Men i kvalifiseringskampen mot Glasgow FC betydde det særs lite. Då var Brann langt betre enn dei skotske favorittane.

Og også i Austerrike viste dei seg som eit betre lag.

I den første gruppespel-kampen tok Brann der ein lysande 2-1-siger mot St. Pölten.

Slavia Praha fekk derimot ei blytung innleiing på sitt andre strake Meisterliga-gruppespel, og den franske gruppefavoritten Lyon gav seg ikkje før det stod heile 0–9 i den tsjekkiske hovudstaden.

Denne novemberkvelden i bergensregnet inviterer Brann-kvinnene til eit historisk Meisterliga-oppgjer i kjølvatnet av triumfen i Austerrike. I mellomtida har dei laurdagen før spelt uavgjort 2–2 mot LSK Kvinner i siste serierunde av den norske Toppserien.

Fjerdeplassen i den heimlege ligaen blir naturlegvis ein parentes samanlikna med eventyret i haust i Meisterligaen.

For Europa-historia til Brann-kvinnene blir stadig meir innhaldsrik.

Ein siger til Brann denne kvelden vil truleg bety seks poeng ned til St. Pölten og Slavia Praha før bergenslaget får sine to møte med Lyon.

Branns heimekamp mot Slavia Praha i Champions League på Brann stadion. Den første meisterliga-kampen i Bergen nokonsinne.

Brann gjer seg klare i kamp.

Foto: NTB

Sjå fullt kampreferat her:

Scoring etter 21 minutt

Så er kampen i gang.

Brann har ballen mest dei første ti minutta, men gjestene viser antydningar til kontringsvilje og -evne.

– Slurv kan bli straffa her, påpeikar kommentator Rise.

Men i det 21. minuttet stangar Brann sin australske spiss Larissa Crummer 1–0 i nettet bak Slavias sisteskanse, etter målgjevande pasning frå Amalie Eikeland.

– Jeg har ikke scoret med hodet før, så det føltes godt. Vi har jobbet en del med avslutninger ved lengste stolpe, sier Crummer til TV 2.

Etter ein halvtime konstaterer Rise at stillinga er gledeleg for heimefansen, men at kampen «har døydd litt hen i kjølvatnet av målet».

I pausen oppsummerer han første omgang slik:

«Raudtrøyene har levert lovande mot gjestene frå Tsjekkia. Ikkje så mange store målsjansar. Crummer står for begge.»

Han meiner Brann har elles fått til «ein del nesten og antydningar», godt hjelpt av skapande Marit Bratberg Lund og Amalie Eikeland på sine respektive sider. Også Signe Gaupset leverer gode bidrag mot eit bortelag som tidvis slit med å henge med.

«Framover i banen har tsjekkarane til gode å setje Aurora Mikalsen på reelle prøver. Alt i alt fortent med heimeleiing halvvegs,» meiner Rise.

Branns heimekamp mot Slavia Praha i Champions League på Brann stadion. Den første meisterliga-kampen i Bergen nokonsinne.
Foto: NTB

Triumf på heimebane

Andre omgang endar utan fleire mål. Den historiske kampen på bergensk jord endar dermed med suksess for heimelaget.

– Slavia har absolutt heva seg etter pausen, men reiser frå Bergen utan ein einaste klar målsjanse å vise til. Brann har to i same statistikk, scoringa inkludert, oppsummerer Rise.

– Det var tungt å løpe, men vi har trent på gress hele uka. De siste ti minuttene var det publikum som bar oss. Jeg er stolt av jentene, sier Crummer.

Les også Draumestart for Brann i Meisterligaen

tIwxKx3EjE