Hopp til innhold

Draumestart for Brann i Meisterligaen

Det store målet for Brann var å delta, men dei dominerte på matta i Austerrike og tok med seg tre meisterligapoeng i første kamp.

Sjå høgdepunkta frå kampen her.

Det var eit solid bergenslag som viste seg fram i Meisterliga-debuten tysdag kveld.

Austerrikske St. Pölten møtte sterk motstand i første runde i gruppespelet då Brann kom på besøk.

– Første omgang var litt «shaky», men etter pausen laga me så mange sjansar at det kunne vore mange fleire mål, seier trenar Martin Ho.

Brann gjekk opp i leiinga etter 57 minutt, då Signe Gaupset gjorde forarbeidet som sørga for at Rakel Engesvik kunne setje ballen i mål.

Elleve minutt seinare utlikna heimelaget. Men i det 79. minutt sette Brann-innbytar Natasha Anasi-Erlingsson ballen i mål. Så følgde sjansane tett i tett for Brann, men det vart ikkje fleire mål.

– No er det berre å «gønne på» vidare og ikkje vera redde for noko, seier Gaupset etter kampen.

N36otmgQPEI

Anasi-Erlingsson scora 1-2-målet for Brann.

Foto: Matthias Schrader / NTB

– Treff veldig bra

– Sjølv om Brann viste at dei var eit betre fotballag, er det alltid fasar av kampen som gjer han farleg spanande, men det var godt å sjå at dei klarte å vinne, seier NRK sin fotballekspert Carl Erik Torp.

Han kallar kampen for «solid gjennomført» og «kjempeimponerande».

– Eg syns dei treff veldig bra på inngangen sin. Dei verkar ikkje stressa, men spelar sin fotball frå første sekund.

Brann varsla i forkant at dei kom til å gå offensivt ut mot motstandaren med meir erfaring frå cupspel i Europa.

– Det er ikkje likt Bergen by, bergensarar eller oss å stå med lua i handa, sa keeper Aurora Mikalsen før kampen.

– Vi er der for å vinne. Ferdig snakka!

Landslagsmålvakta veit sjølvsagt at det er lite truleg at Brann vinn Meisterligaen i debutsesongen. Men ho gav uttrykk for ei innstilling som gjennomsyrer Brann-troppen.

Mesterliga fotball, kvinner: St. Pölten - Brann

St. Pöltens Melanie Brunnthalerog Branns Caroline Haugland i duell på NV Arena i Sankt Pölten i Austerrike.

Foto: Matthias Schrader / NTB

Realistisk med kvartfinale

Det var i forkant venta ein jamn kamp, men St. Pölten er rangert høgare enn Brann. Bergenslaget er det lågast rangerte laget i gruppa, også bak tsjekkiske Slavia Praha og storfavoritten Lyon.

Sistnemnde har vunne Meisterligaen åtte gonger, seinast i fjor.

– Dei neste kampane blir nok annleis, men eg trur me har bevist no at me kan konkurrere på dette nivået, seier trenar Ho.

N6FWfnSNASc brann st pölten martin ho

– Eg trur nokon gløymer alderen på nokon av desse spelarane. Dei er 19–20 år og har ikkje så mykje erfaring. Dette er den største europeiske scena. Eg er veldig stolt av dei, seier Brann-trenar Martin Ho.

Foto: MATTHIAS SCHRADER / NTB

Allereie før kampen var han tydeleg på at andreplass i gruppa og kvartfinale er realistisk.

– Det vil vere håplaust å ikkje tru på det. Men vi må fokusere på oss sjølve. På å spele vårt spel. Då vil vi kunne slå frå oss, sa han.

Etter kampen får han støtte av Torp.

– Eg ser lyst på moglegheita for avansement viss dette nivået held seg.

Få har tort å spå kor gode Brann er samanlikna med motstandarane. Raudtrøyene er det lågast rangerte laget. Men seinast i kvalifiseringskampen mot Glasgow FC betydde det særs lite. Då var Brann langt betre enn dei skotske favorittane.

Og også i Austerrike viste dei seg som eit betre lag.

Draumen om Meisterligaen

– Vi kan gå inn i gruppespelet med låge skuldrer. Vi har ingenting å tape og kan berre overraske positivt, sa kaptein Ingrid Stenevik før laget reiste frå Bergen.

Ein kald haustkveld i Malmø i fjor sto Brann-kvinnene fortvila att på terskelen til den gjævaste klubbturneringa i verda. Då nådde dei ikkje opp.

Ingrid Stenevik, kaptein SK Brann.

Ingrid Stenevik er kaptein for SK Brann.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Men i år skjer det. Brann er den femte norske klubben som er med i eit europeisk gruppespel, men som første norske representant i det nye formatet som berre inkluderer 16 lag.

– Det er kjempeviktig. Ikkje berre for Brann og Bergen. Men for norsk kvinnefotball. Det gjer ligaen vår mykje meir attraktiv, seier Ho.

Landslagskeeper Mikalsen er samd.

– Dette er noko vi har drøymt om lenge. Det er det største vi kan oppleve på klubbnivå.

Mesterliga fotball, kvinner: St. Pölten - Brann

St. Pöltens Melanie Brunnthaler og Branns Larissa Crummer.

Foto: Matthias Schrader / NTB

Ho meiner bergensarane må «kjenna si besøkelsestid» når Slavia Praha kjem til byen neste veke.

– Kom på kamp!