Hopp til innhold

Det renn inn med skryt for 18-åring etter storkampen mot Lyon

«Ein sensasjon som står bak alt Brann gjer før pause». Slik vart 18-åringen skildra etter å ha spelt mot nokre av verdas beste fotballspelarar.

Signe Gaupset Lyon Brann

Det vart tap då Signe Gaupset (til venstre) og Brann møtte Lyon i Meisterligaen, men Gauspet imponerte likevel.

Foto: Mourad Allili / NTB

Sjølv om det vart eit soleklart tap då Brann møtte storfavoritt Lyon i Meisterligaen, betyr ikkje det at ikkje Brann-spelarane fekk høve til å visa seg fram.

Og ho som får mest skryt er det 18 år gamle stortalentet til Brann: Signe Gaupset.

Ho fekk 75 speleminutt mot eit av verdas beste lag, og det var nok til at det har vanka skryt både frå Lyon-trenaren og frå ein av verdas beste spelarar, Ada Hegerberg.

Det er sjølvsagt veldig gøy å få skryt når du leverer, og så synest eg det var gøy å spela, seier Gaupset like etter Brann-damene har landa på norsk jord torsdag.

– Det er jo veldig gøy å bli lagt merke til.

– God sjanse til å spela på eit storlag

– Eg trur alle blei imponerte av nummer 16 (Signe Gaupset). Eg veit at ho er ung. Ho er talentfull, sa Lyon-trenar Sonia Bompastor til NRK etter kampen onsdag kveld.

– Teknisk sett har ho gode ferdigheiter, men ho er også veldig rask. Ho gjorde ein strålande kamp i kveld, seier trenaren.

u92Mpv2FF0w

Sonia Bompastor og Ada Hegerberg, her frå 2021.

Foto: Denis Balibouse / Reuters

Ho meiner Gaupset har stort potensial og er veldig talentfull.

– Når du ser på kveldens kamp, så gjorde ho veldig gode ting mot eit stort lag som Lyon.

Også alderen til 18-åringen blir trekt fram.

– I framtida har ho ein god sjanse til å spela for eit storlag, sa Bompastor.

Også då Brann vann cupfinalen i fjor vart Gaupset den store helten. Då scora ho to og assisterte éi scoring.

NM-finale i fotball 2022 mellom Brann og Stabæk.

Etter cupfinalen i 2022, der Brann slo Stabæk 31 etter to mål av då 17 år gamle Gaupset.

Foto: Annika Byrde / NTB

I vinter pådrog ho seg ein belastningsskade, før ho i sommar blei skadd igjen.

Men mot Lyon bar ho lite preg av skadeperioden ho har bak seg.

Brann-trenar Martin Ho var godt nøgd med midtbanespelaren sin onsdag.

– Ho gir oss energi og kjem i gode posisjonar offensivt. Det trekte eg fram i pausen, og ho heldt fram med det i den andre omgangen, sa han etter kampen.

Også Ada Stolsmo Hegerberg la merke til Gaupset i kampen.

– Ho gjer mykje bra i dag. Ho er sterk i kroppen og skapar trøbbel framover for oss.

lyon-brann mesterliga

Signerte Hegerberg-sko på rommet

Hegerberg er sett på som ein av verdas beste fotballspelarar. Ho har vunne Meisterligaen med Lyon seks gonger, og i 2018 blei ho kåra til verdas beste kvinnelege fotballspelar.

Ho fekk då tildelt Ballon d'Or Feminin, også kjent som Gullballen, som første kvinne nokosinne.

Det er ikkje så rart om yngre fotballspelarar ser opp til ho.

– Eg trur faktisk Signe har eit par signerte sko av meg heime, sa Hegerberg etter kampen.

Og Gaupset kan stadfesta at ho har fått skoa signert av den ti år eldre spelaren.

– Ja, det stemmer det. Det var vel Guro Bergsvand som fiksa til meg på ei samling i fjor. Dei er på rommet mitt, smiler ho.

Kva betyr dei skoa for deg?

– Det er jo kult sjølvsagt å ha eit par signerte sko, det er jo ein av dei beste fotballspelarane i verda. Så det er jo gøy.

Hjemme hos Signe Gaupset

«Ein sensasjon som står bak alt Brann gjer før pause» var måten Gaupset vart omtalt på i Kveldsnytt like etter kampslutt.

Foto: Erlend Havsgård Martinsen

– Dei straffar oss hardt

Sjølv om ho syns det er kjekt å bli lagt merke til, hausar ikkje ho ikkje opp merksemda ho har fått etter kampen.

– Det var eit kampbilete som passa spelestilen min, og eg fekk mykje rom til å kunna driva med ball. Det er det eg synest er gøy, så det var veldig gøy.

Sjølv seier ho at ho er «greitt fornøgd» med kampen.

– Det var veldig kjekt. Tøft sjølvsagt, der me verkeleg får kjenna på nivået og at dei straffar oss hardt når me gjer feil. Det er sjølvsagt kjedeleg å tapa, men me får verkeleg sjå kvar lista ligg.

Mesterligaen kvinner: Lyon – Brann

Signe Gaupset leverte godt mot Lyon.

Foto: Mourad Allili / NTB

– Du verka veldig uredd i går?

– Ja, det handlar om å ikkje ha så mykje respekt, sjølv om det er gode spelarar, internasjonale toppspelarar. Så var eigentleg fokuset mitt berre å gå ut der og ha det gøy og sleppa meg laus.

Returoppgjer på kunstgras

Allereie neste veke kjem Lyon til Bergen. Då er det duka for returoppgjer på Åsane arena.

– Det trur eg kan bli veldig spennande. Det er jo på kunstgras, noko dei ikkje er så vande til, og så er det litt kaldare enn dei er vande til, seier Gaupset.

Ho trur Brann kan bita godt frå seg ved neste møte.

– Me viser jo i kampen no at me har mykje å koma med, og med litt justeringar inn mot den kampen, så trur eg det kan bli spennande.