Hopp til innhold

– Å kome seg til alle toppar er ingen menneskerett

Trinn for trinn kler trappene i stein fjellsider over heile Noreg. Entusiastar meiner dei vernar natur og viser oss veg. Skeptikarar skulle gjerne sett at ein i fjellet tok til takke med det rå og urørte.

Sherpatrapper opp på Raudemelen i Balestrand.

VISER VEG: Langs dei siste høgdemetrane mot Raudmelen snirklar steintrappene seg markant opp i terrenget.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Folk gjekk lenger og lenger ut frå stien og slitasjen i naturen blei stor, fortel Einar Målsnes.

Saman med Jørgen Hundseth og Trond Sundby trør han lett på fot mot Raudmelen i vestlandsbygda Balestrand. Med sine 972 høgdemeter serverer toppen eit panorama over Sognefjorden sine mektige fjordarmar og fjelltoppar. Steintrappene viser veg heilt til topps.

Dugnadsgjeng i Sherpatrapper i Balestrand

BRENN FOR STIANE: Trond Sundby, Einar Målsnes og Jørgen Hundseth har brukt mange ein ettermiddag og helg på frivillig arbeid i dei lokale fjella.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Tilrettelegging av stiane starta for nær 30 år sidan. Behovet for steintrapper melde seg, spesielt i våte myrområde. Då bestemte dei seg for å hyre inn dyktige steinleggarar frå Nepal. Tusenvis av trinn har dei fem siste åra blitt lagt i stein

– Etter at steinane kom på plass har me klart å kanalisere trafikken. Vegetasjonen har igjen byrja vekse til, fortel dugnadssjelene i Sogn.

Sherpatrapper opp på Raudemel i Balestrand.
Foto: Steinar Lote / NRK

– Naturen forsvinn bit for bit

Dei siste 15 åra lagt hundrevis av steintrapper rundt om i heile Noreg. ifølgje Fjell og Vidde. Over hundre millionar kroner er brukte på helikopterløft, prosjekteringar, lønningar og store mengder stein.

Men ikkje alle er like begeistra for utviklinga. Tindevegledar Sigurd Felde har som levebrød å guide folk til topps, i det han skildrar som den urørte naturen. På den vegen finn du ingen trapper.

– Eg kjenner ikkje mange som tykkjer det er kjekt å gå i trapper, ei heller ute i naturen. Det betre for både kropp og sjel å gå i ulendt terreng, der ein nyttar balansen og går med ulike steglengder.

Den røynde fjellføraren skulle gjerne sett at me tenkte annleis om måten me krev vår plass i naturen.

Sherpatrapper opp på Raudemelen i Balestrand
Foto: Steinar Lote / Steinar Lote

– Me har eit slags syn på naturen at den er uavgrensa. At me berre kan ta oss til rette, bygge ut og bygge ned, men slik er det ikkje. Bit for bit forsvinn både naturen og mangfaldet vårt. Det er ikkje ein menneskerett å komme seg på alle toppane i Noreg, seier Felde.

– Kanskje me heller bør sjå på føresetnadane for å kome seg til topps og krevje at folk er i betre form. At ein taklar det ulendte i naturen og bruker den slik den er.

Felde presiserer at han ikkje er imot all form for tilrettelegging i fjellet, men at ein bør prioritere områda som allereie er under press.

Stibyggjaren

For å finne opphavet til dei norske sherpatrappene må me 20 år attende, til Skåri gard i Sogn. Geirr Vetti byrja å setje den vesle fjellgarden i stand, og kompetansen han trengde fann han i sherpafolket frå Nepal.

Postvegen til Nærøyfjorden, Skålatårnet og byfjella i Bergen blei berre byrjinga for Stibyggjaren AS. No tel han over 200 prosjekt.

Steintrapp

STIBYGGJAREN: Geirr Vetti har vore involvert i over 200 prosjekt på norske stiar, frå Tromsø i Nord til Setesdal i Sør.

Foto: Thomas T. Kleiven / Thomas T. Kleiven

– Det er ikkje tvil om at den norske naturen er under press, men slik eg ser det er trappene løysinga og ikkje problemet.

– Men står ein i fare for å byggje for mange steintrapper i naturen?

– Me byggjer berre trapper der det er naudsynt for å skåne naturen. Trappene kjem inn der stiane allereie er tungt belasta eller øydelagde, ikkje for å skape nye attraksjonar, forklarer Vetti.

Ein sti er ikkje berre ein sti i hans auge. Stiar som skånar naturen og kanaliserer trafikken til fjells er ein vinn-vinn situasjon.

Sherpatrapper gjennom ur

GODT INTEGRERT: Område som tidlegare blei rekna som uframkomelege har med bruk av trapper blitt gjort tilgjengelege.

Foto: Einar Målsnes

Så få trinn som råd

Rigmor Solem i Statens naturoppsyn har hovudansvar for Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde. Gjennom over 30 år har ho sett korleis naturen må å skånast, både frå klimaendringar og menneskeskapt slitasje.

Nepalsk muskelkraft har blitt henta for å utbetre stiane mot Fannaråken, Besseggen og Galdhøpiggen, for å nemne nokon få.

– Me ønskjer å bruke stein berre der det er naudsynt og unngår lange trapper der det ikkje er behov. Me er veldig bevisste på å ikkje overdrive. Det er ofte snakk om få trinn i slengen, for å forsterke og tydeleggjere stien.

Ho meiner det er ei misforståing at steintrapper er ei ny «trend» i norsk natur.

– Muring av vassrenner, trapper og klopper ved bruk av stadeigen stein har i hundrevis av år blitt gjort for å få folk og fe trygt opp og ned bratte lier og fjellsider. Det er gamle, norske tradisjonar utvikla over generasjonar.

Sherpa som bygde sti i Luster

SPISSKOMPETANSE: Rigmor Solem i SNO skildrar sherpaene som uovertrufne stibyggjarar, her frå eit prosjekt i Luster i 2018.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Turglede i framtida

I Balestrand har trioen nådd toppen av Raudmelen. Det håpar det vil kome fleire generasjonar som vil bruker kveldane og helgane sine som dei, for stiane treng nokon som heldt eit ekstra auge med dei.

– Me håpar jo at me gjennom tilrettelegginga kan rekruttere med oss fleire. Me ser at både barnehagar og skular brukar stiane flittig, så framtida ser absolutt lys ut, seier Sundby.

dugnadsgjengen Balsetrand

DUGNADSGJENGEN: Einar Målsnes, Trond Sundby og Jørgen Hundseth tek eit pust i bakken på toppen av Raudmelen – det blir ikkje så reint få turar opp desse bakkane i løpet av året.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK