Hopp til innhold

Her testar Hildur (85) hundesledekøyring for aller første gong

SOGNDAL (NRK): Reiselivsnæringa vil lokka fleire vinterturistar til fjells: - Dette kan eg tenke på når eg vert gammal, seier Hildur Dvergsdal (85).

Kenzo Djiksterhuis og Hildur Dvergedal

FØRSTE TUR: Kenzo Djiksterhuis tar Hildur Dvergedal med på tur i fjelltrakter ho er glad i. Det er første gong 85-åringen prøver hundesledekøyring.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Ein snødekt fjellheim omgir Hildur Dvergedal i Hodlekve i Sogndal. Ti ivrige Alaska Husky-hundar har frakta henne til ein fjellheim ho er glad i.

– Du kvir deg ikkje for litt fart og moro?

– Nei, kvifor skal ein det? spør ho smilande tilbake.

Dvergedal er den første til å prøve ut den nye satsinga innanfor vinterturisme i Sogn.

Hundesledekøyring, Hodlekve

MINNE: – Det er ein dag eg skal minnast, det er heilt sikkert, seier Hildur Dvergedal (85).

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Vil satse på sledekøyring

Reiselivsnæringa ønskjer seg fleire turistar heile året. Skidestinasjonen Hodlekve i Sogndal veks både når det gjeld tal hytter og aktivitetar. Nederlendaren Kenzo Djiksterhuis ønskjer å tilby noko nytt som kan få fleire til fjells.

– Eg har jobba med hundesledekøyring og turistar i åtte år. Det er ei oppleving eg vil tilby fleire, seier han.

Ved Sogndal Skisenter har han fått på plass hundegarden. Han meiner forholda ligg godt til rette for hundekøyring i området, og trur det lar seg gjere å dele fjellheimen med skigåarar.

– Vi har fjell og mykje snø, og det er vakker utsikt her. Det er perfekt, seier Djiksterhuis.

Nye målgrupper

Dagleg leiar Per Odd Grevsnes ved Sogndal Skisenter håpar tilbodet kan nå nye målgrupper.

– Det er kjempespennande. Det gir eit tilbod til ei gruppe som kanskje ikkje er så glad i å gå på ski eller av ulike grunnar ikkje kan gå på ski, seier han og held fram:

– Vi må ta innover oss at det kan bli brukarkonfliktar, til dømes med hundeskit i løypene og litt bråk. Men eg trur det er minimalt sett opp imot gevinsten vi får, seier Grevsnes.

Hundane har fått ein pause i fjellheimen. Hildur Dvergedal knipsar bilete av huskyane og landskapet rundt seg.

Ho fortel at opplevinga har vore eit eventyr og anbefaler fleire å prøve hundesledekøyring.

– Det er ein dag eg skal minnast, det er heilt sikkert, seier 85-åringen.

Hildur Dvergedal testar hundesledekøyring på Hodlekve

EI OPPLEVING: 85-åringen fekk god kontakt med huskyane.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK