Hopp til innhold

Fleire vil oppleve fjord og fjell utanom sesongen

FLÅM (NRK): Etter fleire år med satsing, merkar reiselivsbransjen ein markant auke i heilårsturismen.

Carmen To og Rebecca Tang på RIB-safari i Nærøyfjorden

FÆRRE FOLK: Carmen To og mora Rebecca Tang har valde heilt medvite å kome til Noreg utanfor sesongen.

Foto: Håvard Heggen / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

RIB-en kryssar frå Aurlandsfjorden og inn i Nærøyfjorden i Indre Sogn. Den oppblåsbare båten er full av turistar som vil ha nærkontakt med fjell og fjord. Helst utan altfor mange konkurrentar.

– Me høyrde at dette er før alle dei andre turistane kjem. Me ville unngå massane, seier Carmen To frå Hongkong.

Ho og mora Rebecca Tang har bestemt seg for å kome til Vestlandet og Flåm i slutten av mai. Det er heilt medvite.

– Me kjem nært naturen, me får sjå meir, og det blir lettare å ta bilete, seier To.

Rekordar kvart år

Flåm og resten av regionen er blant Noregs mest populære reisemål, og sommarsesongen har alltid vore viktig. Aurland kommune med vel 1700 innbyggjarar tek i mot ein million turistar kvart år. Dei siste åra har dei satsa hardare på heilårsturisme. Det har gjeve resultat.

– Det ser ut til å bli eit nytt rekordår, det åttande på rad, seier Kristian Jørgensen, administrerande direktør i Fjord Norge.

Jørgensen marknadsfører Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Hordaland og Rogaland til heile verda.

– Vi har satsa på heilårsturisme, særleg perioden frå oktober til april. Særleg ser vi resultat i den amerikanske og asiatiske marknaden, seier han.

Han peikar på to ting som er viktige når reisemål skal trekke til seg heilårsturistar.

– Det eine er tilkomst, både til landsdelen og ut til attraksjonane. Og så må det ting vere opne og tilgjengelege i perioden frå oktober til april. Der har vi faktisk eit stykke å gå, spesielt utanfor byane, seier Jørgensen.

Kristian Jørgensen

NØGD: Kristian Jørgensen i Fjord Norge seier dei har satsa på heilårsturisme. No kjem også resultata.

Foto: NRK

Sterk auke

På Flåmsbana har dei i perioden oktober til april hatt ein auke på om lag 120 prosent sidan 2014.

– Før var sesongen frå mai til september. Etter det var det stort sett berre Flåmsbana som gjekk og alt det andre stengd, seier Bengt Hammer.

Han er salssjef, Flåm Utvikling. Han er ikkje overraska over auken dei no ser. Det dei tenar om sommaren legg dei på profilering av vintersesongen.

– No er alt ope av både overnattingstilbod og aktivitetar, seier han, og held fram:

– Vi har veldig mange som vil oppleve ro og stille og spektakulær natur. Utviklinga visar seg å vere god, seier Bengt Hammer

Til og frå Thailand

Hammer sin oversikt viser at Thailand stod for den største turisttrafikken til Flåm i mars.

– Det reiser mange nordmenn til Thailand, men det kjem mange hit også, seier han.

Ei av dei som merkar utviklinga i heilårsturismen best er Ane Olivie Oppheim. Ho er båtførar og guide i Flåm Guideservice.

– Det er kjekt at det blir spreidd utover heile året, og eg trur turistane får ei betre oppleving av det, seier ho.

Auke i heilårsturisme

TETT PÅ: Fleire turistar er interesserte i RIB-safari i Nærøyfjorden, både vinter og sommar.

Foto: Håvard Heggen / NRK