– Det er den første plattforma som er drive av BG på norsk sokkel. Det er ein installasjon som vil skape store verdiar for Norge og ikkje minst varig sysselsetting her i Sogn og Fjordane, seier Olje- og energiminister Tord Lien (Frp), til NRK.
Knarrfeltet er eit olje- og gassfelt i den nordlege delen av Nordsjøen, 120 kilometer vest for Florø. «Petrojarl Knarr» er eit plattformskip, og ifølgje standard.no er det eit flytande produksjons-, lagrings- og lossefartøy, som har lagerkapasitet på 131.000 m³ og maksimal oljeproduksjon på 10.000 m³ per dag.
- Les også:
Varige arbeidsplassar
BG-sjef: Marianne Eide.
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK– Dette er ein stor dag for oss i BG i Norge. Vi er veldige glade for å kunne ha opninga av Knarrfeltet her i Florø, kor vi har operasjonskontoret, seier Marianne Eide, feltutbyggingssjef for Knarrfeltet.
Oljeaktiviteten skaper arbeidsplassar også på fastlandet.
– Akkurat no har vi rundt 30 personar som sit her på kontora våre på basen. Dersom vi finn fleire ressursar på Knarr-feltet, kan vi sjå for oss ein forlenga periode med den bemanninga. Men i ein stabil driftsfase vil vi vere rundt 15 personar her på bygget vårt i Florø, seier Eide.
- Les også:
- Les også:
Betyr mykje for Florø-samfunnet
JUBLA: Både ordførar Bengt Solheim Olsen (til venstre) og fylkesordførar Åshild Kjelsnes (nummer to frå venstre) er svært glade over aktiviteten Knarrfeltet skaper for Florø.
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRKOgså ordførar Bengt Solheim Olsen (H) jublar i kveld.
– At BG saman med Teekay etablerer seg her i Florø er eit teikn på at oljebasen er attraktiv og trekkjer til seg operatørar.
– Kva betyr det for Florø-samfunnet?
– Det betyr veldig mykje. Statoil er den tunge aktøren på Fjord Base. No har vi GDF Suez, no har vi BG, og då håpar vi at vi greier å tiltrekkje oss tre, fire nye i løpet av dei neste åra. Det gir nye moglegheiter med eit lite cluster av aktørar som kan samarbeide om å drive kostnadseffektivt. Det trur eg er veldig positivt for miljøet her.
– Det viser at denne lokaliteten er attraktiv når det gjeld felta utanfor kysten vår, supplerer fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap).
PETROJARL KNARR: Her er «Petrojarl Knarr» på veg inn til Haugesund i september 2014.
Foto: Tor Andre Johannessen