Hopp til innhold

Her meiner ordføraren det bør satsast på cruiseturisme

Mens næringa i Hjørundfjorden seier nei til å bli ein ny cruisedestinasjon på Vestlandet, meiner den avtroppande Lærdal-ordføraren at cruise er vegen å gå.

Lærdal

VIL HA CRUISESKIP TIL Lærdal: Avtroppande ordførar i Lærdal Jan Geir Solheim (Sp) meiner Lærdal eignar seg for cruiseturisme.

Foto: VERI Media

Ifølgje avtroppande Lærdal-ordførar Jan Geir Solheim (Sp) er førespurnadene om anløp neste sommar alt komne frå reiarlaga, skriv Sogn Avis.

– Vi hadde ein diskusjon om dette for litt over to år sidan. Då hadde vi ikkje nok infrastruktur på land på plass. No er det nye moglegheiter, seier Solheim til NRK.

Han viser til at det går mot eit politisk skifte, og at det må vere fleirtal og vilje til ei cruisesatsing der.

– Så må vi gjere nokre tiltak på kaia, dei er ikkje store, seier Solheim.

Jan Geir Solheim, Lærdal kommune kan ha øydelagt 1000 år gammalt kulturminne

ØNSKJER CRUISESKIPA VELKOMEN: Avtroppande Lærdal-ordførar Jan Geir Solheim meiner cruiseskip vil vere eit pluss for kommunen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Er vi framoverlente kan dette skje frå neste sommar.

Vil ikkje bli nytt Flåm

Solheim meiner potensialet er stort for Lærdal, men seier dei ikkje ønskjer å bli eit nytt Flåm.

– Vi må behalde vår eigenart. Eg trur vi kan ta imot ein del skip, men i første omgang ikkje på linje med Flåm, seier Solheim.

I Hjørundfjorden i Ørsta i Møre og Romsdal vender dei tommelen ned til cruiseskip og masseturisme.

– Finst det grunnar til å ikkje ønske cruisetrafikk til Lærdal?

– Eg ser det ikkje slik. Vi hadde cruisebåtar til Lærdal før, og det fungerte fint. Spørsmålet vi må stille er korleis vi får turistane til å vere i Lærdal sentrum og bruke tilboda der på dagtid.

Han ønskjer at turistane skal bruke kafeane, butikkane og attraksjonane i Lærdal.

Må sjå på heile regionen

Samarbeid i regionen er viktig dersom det skulle bli aktuelt med cruiseturisme i Lærdal, påpeiker reiselivsdirektøren i Visit Sognefjord, Ståle Brandshaug.

– Det er noko kommunen må diskutere med Aurland hamnesveisen, Visit Sognefjord og reiselivsnæringa i Lærdal, seier Brandshaug.

Ståle Brandshaug

MÅ SJÅ PÅ HEILE REGIONEN: – Ei eventuell reiselivssatsing må sjåast i samanheng med reiselivssatsinga ikkje berre i Lærdal, men i indre Sogn, seier reiselivsdirektør Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Cruise er omstridd mellom anna grunna forureing og at det kjem mykje folk. Er det rett for Lærdal?

– Det må ein sjå nærare på og diskutere. Men det finst ulike typar cruiseskip og ulike typar cruisegjester. Ein må ha fokus på dei miljøvennlege skipa og dei gjestene som legg igjen mest pengar lokalt, seier Brandshaug.

Reiselivsdirektøren meiner ein også må vurdere om kommunen har nok av tilboda gjestene vil nytte seg av.

– Har ein det i Lærdal? Har ein nok mottakskapasitet og aktivitetar og opplevingar som vil skape arbeidsplassar og lokal verdiskaping? Det er viktige spørsmål ein må sjå ¨på før ein går vidare.

Cruiseanløp til Norge januar-september

Cruiseanløp til Norge januar-september

2010

1722

2011

1737

2012

2193

2013

2283

2014

2153

2015

1849

2016

1968

2017

2050

2018

2301

2019

2414

Ekspander/minimer faktaboks