Følgjer leitinga etter mora Trine Frantzen: – Det er mange og sterke kjensler

ØVSTTUN GRAVPLASS (NRK): Jørgen Frantzen klarte ikkje å halde seg unna. Måndag kveld var han på plass for å fylgje leitinga på nært hald.

Jørgen Frantzen

SPENT PÅ RESULTATET: Jørgen Frantzen på Øvsttun gravplass måndag kveld.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

I 18-tida kom han til Øvsttun gravplass. Han var og til stades då politiet undersøkte fleire andre graver i mai.

– Eg hadde større håp då enn no. Men samstundes eg er veldig glad for at dei ikkje gir opp å finne henne.

– Kva tenker du om at det har kome heilt nye vitne med nye opplysningar no?

– Det er svært fint. Det er nok all merksemda som har fått dei til å hugsa og ta kontakt.

Jørgen Frantzen og Tore Salvesen

BLE OPPDATERT PÅ LETINGEN: Jørgen Frantzen og politiinspektør Tore Salvesen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Leiting utan resultat

– Det er førebels ikkje funne noko vesentleg av spor etter Trine Frantzen.

Det seier etterforskingsleiar Kenneth Berg, som leiar krimteknikarane sine undersøkingar på Øvsttun gravplass.

Det er andre gong politiet gjer krimtekniske undersøkingar på gravplassen i Bergen.

– Vi kjem til å halde fram med arbeidet frå klokka åtte tirsdag morgon, seier politiinspektør Tore Salvesen til NRK.

Han slår fast at ein fyrst seinare vil vurdere om fleire graver skal opnast.

Øvsttun gravplass - leting Trine Frantzen

15 ÅR SIDAN: Trine Frantzen (31) forsvann i 2004. Her leitar politiet på Øvsttun gravplass i Bergen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Nye vitne

Det er nye og til no ukjente vitne som har gitt så detaljerte opplysningar til politiet at dei har bestemt seg for å grave på «nærmare angitt stad» på Øvsttun gravplass.

Etter dei resultatlause undersøkingane i fem graver førre månad, kom nye opplysningar til politiet i den 15 år gamle forsvinningssaka.

– Vitna har aldri vore inne i Trine Frantzen-saka før og dei er heller ikkje kjent for politiet frå før, sa politiinspektør Tore Salvesen til NRK måndag morgon, medan krimteknikarar rigga seg til på gravplassen.

Øvsttun gravplass, søk etter Trine Frantzen

15 ÅR: Trine Frantzen (31) forsvann i 2004. Her leitar politiet på Øvsttun gravplass i Bergen.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Undersøker ikkje med radar

Som sist er det sett opp telt på staden der politiet skal grava. I tillegg er det eit ekstra telt som blir brukt til å gå nærare gjennom jorda som blir tatt opp, slik at ikkje eventuelle bevis går tapt.

Tidlegare i vår var det viktig for politiet å først gjera undersøkingar med georadar, før dei avgjorde om resultata var gode nok til at det var naudsynt å grave etter leivningane av Trine Frantzen.

Denne gongen går politiet rett på sak.

– Vitna har peika på ein konkret stad. Vi skal grave i ei grav først, og så har vi løyve til å grave i fleire andre også om det blir naudsynt, seier Salvesen.

Han legg til at vitneopplysningane er såpass interessante at dei truleg hadde starta graving på staden uavhengig av om utstyret frå undersøkingane i mai hadde vore klart.

Tore Salvesen Øvsttun gravplass

GIR IKKJE OPP: Politiinspektør Tore Salvesen (nr. to f.v.) håpar nye undersøkingar skal gi svar i Frantzen-forsvinninga.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Krimgåte

Forsvinninga til 31 år gamle Trine Frantzen er ei av dei store krimgåtene i Noreg. Ho vart sist sett på ein fest på Øvsttun natt til 7. mai 2004.

13. mai vart ho meld sakna, men det gjekk nokre veker før politiet begynte å sjå på saka som eit mogleg drap. I 2007 vart to personar sikta, men saka vart lagt vekk.

Politiet vil halde på til kring klokka 21 måndag, og tek så ei vurdering av om dei skal halde fram tysdag.

– Men som sist, kan det kome nye opplysningar som er verd å undersøke i etterforskinga, seier Salvesen.

Undersøker med georadar på Øvsttun kirkegård

SKANNA FØRST: Førre gong politiet grov på Øvsttun gravplass, var det på bakgrunn av skanneresultat frå undersøkingar med georadar. Denne gongen går politiet i gang med å grave berre basert på vitneopplysningar.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK