Kva som skjedde med 31 år gamle Trine Frantzen har vore ei av dei største krimgåtene i Noreg i snart 20 år. I mai 2004 forsvann ho sporlaust etter ein fest på Øvsttun i Bergen.
Men no kan forsvinningssaka nærme seg ein ny avklaring.
I fjor haust tok Cold Case-gruppa til Kripos tak i sakspapira og såg gjennom saka med «nye og friske auge».
Kripos-seksjonen skal bidra til å løyse fleire uløyste saker i Noreg. Det var dei som tilrådde gjenopning av Birgitte Tengs-saka i 2016.
I sommar leverte dei sluttrapport i Trine Frantzen-saka til eit spent bergenspoliti.
– Her går dei nøye gjennom korleis dei har jobba og kva dei har sett etter i saka. På slutten av rapporten kjem dei med nokre anbefalingar. Kva dei råda er må vi komme tilbake til, seier politiinspektør Tore Salvesen i Vest politidistrikt.
FORSVANN: Trine Frantzen (31) vart sist sett på ein fest på Øvsttun i mai 2004.
Foto: HANDOUT / SCANPIX– Må gjera funn
Salvesen vil ikkje gi ein einaste detalj om innhaldet i sluttrapporten frå Cold Case-gruppa, men seier at anbefalingar frå Kripos anten kan vera å «gjere mykje, litt eller ingenting».
Bergenspolitiet har invitert Kripos til eit møte i oktober. Der skal dei saman gå grundig gjennom etterforskingsråda frå Cold Case-gruppa.
– Kva håpar du å få ut av det møtet?
– Håpet og målet vårt er å finne nye ting å starte opp igjen etterforskinga med, slik at vi kan finne Trine Frantzen. Men vi er heilt avhengige av å finne ho for å komme vidare i etterforskinga, seier Salvesen.
Det er påtaleansvarleg i saka som til slutt avgjer om rapporten frå Cold Case er av ei slik betydning at Frantzen-saka blir gjenopna.
Spent familie
For sonen Jørgen Frantzen og resten av familien har det vore mange år med uvisse, nye håp som er tent og seinare sløkt.
No er han spent på kva Cold Case-gruppa har kome fram til.
– Å vente nesten eitt år kjennest lenge. Vi føler også at dette blir det endelege svaret på om saka blir tatt opp igjen eller lagt vekk for alltid, seier Frantzen til NRK.
Han håpar likevel Kripos har fleire etterforskingstips i saka, sidan Salvesen omtalar anbefalingane i rapporten i fleirtal. Familien er også invitert til møtet med Kripos i oktober.
– Det ser vi veldig fram til, seier Frantzen.
FAMILIEN: Jørgen Frantzen er sonen til Trine Frantzen.
Foto: Leif Rune Løland / NRKKritikkverdig etterforsking
Etterforskinga til bergenspolitiet i mai 2004 har fått mykje kritikk.
I fleire veker vart forsvinninga behandla som ei «sakna-sak». Først etter tre månadar opna politiet drapsetterforsking. Då var mange viktige bevis borte vekk.
I 2007 vart den tidlegare sambuaren til Frantzen pågripen og sikta for drap, men saka vart lagt vekk på grunn av manglande bevis. Sambuaren nekta for å ha noko med forsvinninga til Frantzen å gjera og politiet innrømte seinare at dei hadde ein einsretta etterforsking mot mannen.
Men Trine Frantzen har altså aldri blitt funnen.
Ein av teoriane i saka har vore at 31-åringen, som tilhøyrde eit rusmiljø, vart drepen med ein overdose narkotika og deretter graven ned.
UTAN FUNN: Gravinga etter Frantzen på Øvsttun gravplass var resultatlaust.
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRKHar ikkje gitt opp
Nye opplysningar om dette gjorde at politiet gjekk til det oppsiktsvekkande skrittet å grave på ein gravplass på Øvsttun i Bergen våren 2019.
Men leitinga og gravinga i totalt 13 graver var resultatlaust. Salvesen har likevel aldri gitt opp å få eit svar på den 18 år gamle krimgåta.
– Så lenge vi har spor og får noko å leite etter, så kjem vi til å fortsette.
Han kallar møtet med Cold Case-gruppa i oktober for viktig.
– Etter å ha lest sluttrapporten frå Kripos, er du meir eller mindre sikker på ein gjenopning av saka?
– Eg har ikkje gått inn og tatt ein vurdering på det sjølv, enno. Eg vil vente til eg får høyre tankane bak anbefalingane dei har komme med.
13 GRAVER: Etter søk med georadar, bestemte politiet seg for å grava etter Trine Frantzen på ein gravplass på Øvsttun. Teorien er at Frantzen vart gøymd her etter å ha blitt drepen. Totalt 13 graver vart undersøkt.
Foto: Eivind Fondenes / NRK