– Dette blir eit romskip i forhold til den gamle ferja, smiler prosjektansvarleg Hans Kristian Hop i selskapet Vidar Hop Skyssbåter A/S, som eig og skal drive ferja M/F Barmsund.
Han viser rundt på det som skal bli den nye ferja mellom Barmen og Barmsund i Selje kommune. Ferja har plass til 10 bilar og 48 passasjerar. Det er Måløy Verft som byggjer ferja i samarbeid med fleire selskap i Vågsøy.
Støypt i form
Det er eit regjeringsmål at heile ferjesektoren skal bli grøn innan 2025.
Totalt er det 130 ferjesamband i Noreg, med rundt 200 ferjer i drift.
Ei oversikt frå Vegdirektoratet tilseier at det innan utgangen av 2021 vil vere over 70 ferjer med batteri installert. Heilelektrisk drift var også eit krav då Sogn og Fjordane fylkeskommune lyste ut sambandet Barmen-Barmsund.
Assisterande fylkesdirektør for samferdsle, Øystein Hunvik, er nøgd med resultatet, og omtalar ferja som «verdas finaste batteriferje».
– Ferja er veldig fin og vil bli veldig funksjonell for øysamfunnet, seier han.
Eit og eit halvt år har prosessen teke. 1. juni skal ferja vere klar. Ferja skal ikkje berre gjere jobben med å frakte folk og bilar på den knappe ti minuttar lange ferjeturen. Den skal også ta seg godt ut.
– Det første du ser er at ferja har fine former og linjer. Grunnen er at heile ferja er støypt i form, seier Lundebrekke.
At ferja er bygd i blandingsmaterialet kompositt har mange fordelar, påpeiker Lundebrekke.
– Vekt er kanskje den største fordelen. Så har du slitestyrke, eit komposittskrog vil aldri ruste eller bli tært i.
Kompositt er et materiale som består av fleire komponentar, til dømes glasfiber og polyester.
– Formfridomen ved å bygge i kompositt, er også ein enorm styrke, legg Hop til.
Spent skipper
Taket i passasjersalongen har fått utforming som ein kuppel, og salongen får god takhøgd og utsikt.
– Her blir det ein god atmosfære som vi er sikre på at passasjerane kjem til å setje pris på, seier Hop.
Bjørn Røyseth er skipper på ferja som går på sambandet i dag. Han er spent på å ta den nye ferja i bruk, og på korleis ho vil handtere dårleg vêr. Han har sett den nye ferja under utforminga.
– Det ser veldig bra ut. Det blir artig å køyre med to propellar i staden for ein. Det blir nok ei bratt læringskurve, seier han.
Snart kjem ferja på vatnet, noko Hop ser fram til.
– Eg gler meg veldig til vi skal ha dåp, og får inntrykket av ferja. Eg er veldig stolt av produktet.