Hopp til innhold

Regjeringa: Alle bilferjer skal gå på straum innan 2025

Det luktar mindre og mindre drivstoff om bord på norske ferjer. Dei store reiarlaga satsar milliardar på å gjere norske fjordar stadig meir miljøvenlege. Innan 2025 skal alle norske bilferjer gå på straum.

MF Kommandøren

MF «KOMMANDØREN»: Den nye storferja til Fjord1 har si første veke på Mannheller–Fodnes.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Ferjenæringa tek ein leiande posisjon i det grøne skiftet. Miljøavtrykket vårt blir atskilleg mindre når me får på plass dei nye ferjene, seier André Høyset, driftsdirektør i Fjord1.

Denne veka blei MF «Kommandøren» teken i bruk på ferjesambandet Mannheller–Fodnes på riksveg 5 over Sognefjorden. Dermed er den nyaste av Fjord1 sine el-ferjer på vatnet.

– Den er kjempefin, og har god plass. Og så slepp me diesellukta som det er på dei gamle ferjene, den ristar ikkje og går stille, seier ein av passasjerane, Kenneth Lund.

Vil ha alle ferjene på straum

Enn så lenge går «Kommandøren» på biodrivstoff, men blir snart fullelektrisk. Om få år skal halvparten av dei 65 Fjord1-ferjene vera heilelektriske.

– Me har per i dag åtte hybridferjer, der to av dei er heilelektriske. I løpet av ein toårsperiode skal me ha til saman 32 elferjer i drift. 27 av dei blir nybygde ferjer og fem ombygde, seier Høyset.

Han får no ros frå regjeringa for at selskapet går i front for å skape eit betre miljø i norske farvatn.

– Det er ikkje tvil om at Fjord1 har teke ein ganske offensiv posisjon når det gjeld å elektrifisere ferjene, seier statssekretær i Klima- og miljødepartementet Atle Hamar (V).

Regjeringa skal legge fram ein handlingsplan for grøn skipsfart før påske, der også ferjer og skyssbåtar blir omtala.

– Det er ei målsetjing å elektrifisere heile ferjesektoren innan 2025, seier Hamar, og meiner dette er realistisk.

Følgjer etter «Ampere»

I 2015 vart verdas første heilelektriske ferje, MF «Ampere», sett i drift av Norled på sambandet Lavik–Oppedal.

Som ei følge av denne utviklinga, bad Stortinget regjeringa sørga for at alle komande ferjeanbod hadde krav til minimalt med utslepp når teknologien tilseier dette.

– Hordaland, Trøndelag og Sogn og Fjordane var fylka som var tidlegast ute, fortel Edvard Sandvik, avdelingsdirektør i Vegdirektoratet.

Totalt er det 130 ferjesamband i Noreg, der rundt 200 ferjer er i drift.

– Oversikta vår tilseier at innan utgangen av 2021 vil over 70 ferjer ha batteri installert, seier han.

Bilferja Ampere

DEN FØRSTE: MF «Ampere» var den første elferja i verda, og vart sett i drift på Lavik–Oppedal i 2015.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Investerer for fem milliardar

Fjord1 aleine skal investera for over fem milliardar kroner i el- og hybridferjer dei neste åra.

– Det er tidenes miljøløft, uansett næring. Det er få bedrifter som brukar fem milliardar kroner på ny, miljøvenleg teknologi, seier Høyset.

Norled har tillegg til MF «Ampere» ei anna heilelektrisk ferje i drift i dag, MF «Folgefonn». Totalt har selskapet ein flåte på kring 50 ferjer.

Planen er at 18 nye batteriferjer skal kome i drift i åra som kjem.

– Desse skal inn i nye kontraktar frå 2020, fortel teknisk direktør Sigvald Breivik.

I tillegg skal ei Norled-ferje vere driven av hydrogen, som eignar seg godt for lengre strekningar, fortel Breivik.

Norled anslår at halvparten av deira ferjer vil vere elektrifiserte innan 2022.