Hopp til innhold

Filma fossekall som boltra seg i elva

Nyttårshelga fekk naturfotograf Ronny Solheim eit fascinerande møte med Norges nasjonalfugl, Fossekallen.

Naturfotograf fekk eit fascinerande nært møte med Norges nasjonalfugl, Fossekallen.

SJÅ: Fossekallen boltre seg i Storelva i Gloppen. (Foto: Ronny Solheim)

Som ein av naboane til Storelva i Gloppen, har Ronny Solheim lenge visst om Fossekallen som held til i elva.

Dermed rigga han seg til med kamuflasje og ikkje mindre enn tre kamera for å fange den vesle krabaten på film.

– Eg prøvde og feila i tre dagar, men opptaket vart gjort på ein dag. Eg sat der tre-fire timar til det vart mørkt, men fossekallen er ein ganske grei kar å ha med å gjere, ler naturfotografen.

Svinsa rundt

– Den er av det territorielle slaget og denne held til i øvste delen av elva. Etter å ha følgt han desse to-tre dagane, så visste eg nokolunde kvar han ville vere, fortel naturfotografen.

Dermed gjorde Fossekallen det lett for Solheim å fange han med kamera.

– Eg la ut actionkamera på stativ under vatn, så var det berre å vente. Til slutt kom han og svinsa rundt på isflata, hoppa ut i og sumde, fortel han.

Halverte farten

– Det var veldig spennande å sjå han faktisk nærme seg stadane eg tenkte at han skulle komme, og at han dykka rett framfor kamera, held Solheim fram og fortel om stor glede og fascinasjon under redigeringsarbeidet.

– Det var moro å sjå kva som går føre seg under vatn. Eg måtte halvere farten for å betre sjå korleis den sym. I vanleg tempo så går det fort føre seg, gliser han.

Bratt læringskurve

Naturfotografen på Sandane har lenge hatt stor interesse for både foto og natur. For seks år sidan tok det verkeleg av og han kjøpte seg digitalt spegelreflekskamera. Han er sjølvlært og vurderer Youtube som eit undervurdert hjelpemiddel.

No har han sin eigen blogg, der han legg ut bilete. I hovudsak er det naturfoto han driv mest med. Det er ikkje ofte han kjem på ynskjeleg hald på fuglane.

– Når du får digitalt kamera, så er læringskurva ganske bratt. Du ser resultata med det same, og det blir veldig spennande å eksperimentere, seier han.

Fascinert av det nære

Ronny Solheim

FOTOGRAF: Ronny Solheim.

Foto: Ingrid Gagnat

– Det er veldig spennande å styre med natur og prøve å gjere andre fascinert av naturen. Å prøve å få fram, slik som med fossekallen, korleis den lev om vinteren, held Solheim fram.

Og trebarnsfaren frå Ryssdal treng ikkje reise langt for å få gode motiv og nokre timar avkopling frå ein elles så hektisk kvardag i Nordstranda barnehage. Motiv finn han i heile Gloppen.

– Det som fascinerer meg er det vi har her. Hjorten, oteren, reven, dalar og is. Ein treng ikkje nødvendigvis reise til «langtvekkistan» for å ta bilete av alt det alle andre tek bilete av. Eg prøver å setje min signatur på landskapet, seier han.

Vil filme meir

– Eg har 200 meter til eit fint vatn, hjorten passerer rett forbi husdøra og det er fort gjort å ta kamera med seg ut om døra når månen kjem opp eller nordlyset dansar over himmelen, seier han.

Opplevinga med fossekallen gav meirsmak med tanke på filming.

– Det verkar veldig spennande, og er noko eg vil styre meir med, avsluttar han.