Nils Arne Skjerven mista hunden sin på veg heim frå jakt 2. oktober. 27 dagar seinare fann han Ronja igjen på Turtagrø hotell, mager og utsliten, men i live.
Ei synsk dame, ein naturoppsynsmann ein dagleg leiar på eit hotell, og hunden hennar måtte til for at Ronja fann vegen heim, skriv Sogn Avis måndag.
Putta hunden i sekken
På veg heim i mørket såg Skjerven at hunden hadde såre føter. Han putta hunden i sekken og hang sekken på hesteryggen før han fortsette heimover. Då han kom til bilen slapp han hunden inn, ordna med hestane og køyrde heimover.
– Eg kom heim att og sleppte hestane ut på beitet, før gjekk for å hente hunden og nokre blaute klede i bilen. Då var hunden vekke, fortel Skjerven til NRK.no.
Skjerven køyrde opp for å leite same kvelden. Vêret var dårleg og det var tjukk skodde. Ronja var ingen stad å sjå.
Einsam i snøstorm
Eigaren køyrde opp dagen etter for å leite meir, men fann ikkje hunden då heller.
– Det var dårleg vêr, storm på fjellet. Eg skaut nokre skot i lufta, då plar hunden alltid komme så ei kule, men eg verken såg eller høyrde ho, fortel Skjerven.
Det dårlege vêret heldt fram. Då Skjerven kontakta Einar Fortun i Statens naturoppsyn sa han at han ikkje burde gå over «Keisarpasset», det var meldt snøstorm.
Kontakta synsk dame
– Bror min hadde nummeret til ei synsk dame. Ho sa ho hadde sett både meg og hunden, og at hunden hadde høyrt meg leita. Eg ringte den synske dama igjen medan eg var på fjellet. Ho fortalde at hunden var i nærområdet, men eg kunne framleis ikkje finne den, seier Skjerven
Han held fram med leitinga i fleire dagar, men mykje snø og dårleg vêr gjorde det heile vanskeleg.
Han kontakta brøytemannskap for å høyre om dei hadde sett noko, men dei hadde heller ikkje sett Ronja.
Trudde han hadde mist hunden
Den 15. oktober skreiv han av hunden. Då hadde han leita lenge og sett på kor hunden kunne ha gått. Skjerven har tidlegare
. Det var berre ein av moglegheitene som Skjerven såg føre seg.- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Eg var sikker på at hunden var daud, heilt til eg fekk ein telefon frå Fortun som sa at dei hadde funne ein hund på Turtagrø hotell.
Hunden har det bra, har fått seg litt mat og hundeeigaren reknar med at ho kjem seg fort til hektene att.