Hopp til innhold

Fekk flotte bilete av havørner

Fem havørner som koste seg med ein daud gris, gjorde til at fuglefotograf Svein Hjelmeset kom ekstra tett innpå fuglane.

Den ivrige fuglefotografen Svein Hjelmeset i Gloppen tok bileta av flokken med havørner i slutten av februar. Tidlegare har han teke bilete av fleire sjeldne fuglar som har forvilla seg til kommunen.

Det er ikkje uvanleg å sjå denne ørnetypen her, men Hjelmeset seier det er spesielt at så mange var samla på ein gong.

– Det var fem havørner, fire ungfuglar og ein vaksen, samla på marka til ein bonde i Breim. Det er uvanleg at det så mange av den sorten på ein stad. Det pleier kanskje vere to i lag. Eg var så heldig at eg fekk teke nokre bilete av dei, seier han.

Har sett dei fleire gonger

Hjelmeset seier han veit grunnen til at dei var der.

– Eg bonde hadde lagt ut ein daud gris i skogen og då kom for å ete på kadaveret. Det er forbod mot å grave ned daude dyr no, men ein har lov å leggje ut til rovvilt. Det fungerer bra, for heile grisen er oppeten etter 14 dagar.

Han seier det først var ramnar som oppdaga det gode måltidet i skogen.

– Det var først 20 ramnar her som åt på grisen. Deretter kom havørnene. Dei har vore her fleire gonger for å ete.

Blei nok veldig mette

Det er fleire par med slike ørner som hekkar i kommunen og Hjelmeset trur dei yngste av fuglan er klekka ut her. Han er nøgd med at han kom så nære då han skulle ta bileta.

– Av og til kan både kongeørn og havørn ete så mykje at dei ikkje greier å lette. Dersom dei var gode og mette, så måtte dei vel kvile litt før dei letta, trur han.