For ein rotvelt på nabotreet tok med seg heile ørnereiret, og la heimen til "Aud", "Nils" og "Per Ørne" i ruinar. Men bygdafolket visste råd.
Seks meter over bakken snekra bygdafolket ny heim til ørnefamilien.
Foto: Asbjørn Kalvøy- Vi har lagt ned mykje arbeid for å få det live på skjermen. Då reiret fall ned, måtte vi få til eitkvart for å få det til att, fortel Gry Leite.
Seks meters høgde
Like før jul gjekk fire sambygdingar i gang med å bygge nytt reir, fortel
. På denne tida er ørnemora mykje vekke frå reiret. Dei prøvde først å heise opp att noko av reiret, men måtte gje seg. Etter mange timars arbeid i seks meters høgde, var eit nytt reir på plass.- Dei tok med seg masse trestammar, så det skulle gå i eitt med resten av naturen. Så steig dei i høgste tretoppane for å lage fundament. Då ei lita plate var på plass, plukka dei materiell frå reiret og la opp for at ho skulle kjenne seg att, fortel Leite.
- Ville nok opp
Dei rådførte seg med ørneekspert Alv Ottar Folkestad før dei sette i gang med arbeidet.
- Han fortalde at dei somme plassar har klart å byggje opp att reir. Så vi tok ein sjanse på at det skulle gå, fortel Leite.
- Reiret låg heilt nede på bakken, så ho kunne kanskje halde fram. Men eg tvilar på det sidan dette var inne i skogen og lite oversiktleg. Vi rekna med at ho ville opp att i tretoppane, held Leite fram.
Reality-familie
Ørnefamilien vart i fjor sett av kring 7 000 gjester på Værlandet Båt i Værøyhamnen. Her sender kafeen direkte frå livet i ørnereiret. Mange av dei gjestande kom kun for å få med seg direktesendinga familieidyllen i reiret. Under ei storstilt opning i juli, fekk ørnefamilien namn.
- LES OGSÅ:
Mora heiter "Aud" (etter ordførar i Askvoll Aud Kari Steinsland), faren fekk namnet "Nils" (etter fylkesordførar Nils R. Sandal), medan "minsten" i familien fekk namnet "Per Ørne" (etter den førre næringssjefen i Askvoll).
- Skal "snekre" vidare
Etter nokre timar var ørnereiret på plass att.
Foto: Asbjørn KalvøyLeite vonar at dei lukkast med restaureringa, og at ørnefamilien igjen flyttar inn att i reiret.
- Dei er i området, og her ein dag sat mora like ved sidan av. Vi håpar ho er nøgd med det vi har gjort, men det ser vi først no i januar/februar når ho skal "snekre" vidare, seier ho.
- Vi har lagt ned så mykje energi og pengar i det, at vi vonar å få det til att til sesongen. Det var så vellukka i fjor, avsluttar ho.