Hopp til innhold

Her er sjåføren centimeter unna å få ein kampestein i frontruta

Dramatiske bilete viser at yrkessjåførar Anders Kjeldsen var centimeter unna å bli treft av ein stor stein som raste nedover fjellsida.

Anders Kjeldsen klarte så vidt å unnslippe da en svær stein braste ned på E16 i Gudvangen.

Anders Kjeldsen klarte så vidt å unnslippe da en svær stein braste ned på E16 i Gudvangen.

– Det var litt ekkelt. Det vel snakk om kanskje ti centimeter, seier Anders Kjeldsen.

Onsdag føremiddag rasa ein stor stein ut på E16 i Gudvangen.

Sekund i førevegen fekk Kjeldsen eit slags forvarsel då han i sidesynet såg tretoppana rasle og «skogen leggje seg».

Då byrja han å bremse ned.

– Eg køyrar denne strekninga ofte, og er klar over at han er rasutsett. Så eg var på ein måte førebudd, seier han.

Kjeldsen jobbar med å frakta stein Gudvangen, og har dagleg rundt 20 turar fram og tilbake i det rasutsette området.

Han erkjenner at han hadde flaks, men tek hendinga med fatning og har ikkje late seg affisere utover det.

– Har opplevinga sett ein støkk i deg?

– Nei, du kan ikkje tenkje sånn. Då kan du ikkje køyre på vestlandet.

Seks ulike ras

I tillegg til steinspranget som nesten trefte Kjeldsen var det same dag også ein rekke andre ras i Gudvangen.

Totalt kom det inn meldingar om seks ulike ras og vêrproblem på vegane:

  • Aurland: E16 i Gudvangen
  • Aurland: Gudvangen-Bakka, ved Gudvangen ferjekai
  • Aurland: Vegen til Undredal
  • Aurland: Vegen til Skjerdal
  • Øvre Årdal: Eit ras har gått over ein gangveg i Tronteigen
  • I tillegg har elva gått over breddene sine i Bordalsvegen i Voss

Mest dramatisk var det på ferjekaien i Gudvangen, der det framleis ligg steinar, kvist og sørpe utover vegen etter raset.

Steinras i Gudvangen, E16
Foto: Aurland brannvesen
Dette kamera fanget opp raset som gikk over veien i Gudvangen.
Foto: Cautus geo

Dette kamera fanget opp raset som gikk over veien i Gudvangen. Foto: Cautus geo