Hopp til innhold

Hemmelege norske sjøkart er i russiske hender

Å lage detaljerte kart over norsk sjøbotn er forbode av omsyn til rikets sikkerheit. Eit norsk selskap har likevel laga svært detaljerte kart. Russarane står på kundelista.

Haakonsvern

HOVUDKVARTER: Marinebasen Haakonsvern utanfor Bergen.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Farvatnet ved marinebasen Haakonsvern utanfor Bergen er ei nasjonal hemmelegheit.

Eller: Det er i alle fall meininga at det skal vere det.

Å halde detaljane på sjøbotnen langs norskekysten hemmeleg blir av regjeringa sett på som eit «vitalt nasjonalt sikkerheitsomsyn.»

Hemmeleghald gjer det vanskelegare for fienden å skjule ubåtar, og effektivt minelegge kysten.

Slik sikrar Noreg seg ein heimebanefordel langs fjordar, holmar og skjer.

Ein fiende som har like gode kart som oss er ein langt farlegare fiende i vår kystsone, seier orlogskaptein i Sjøforsvaret Tor Ivar Strømmen.

Forsvaret stadfestar til NRK at dei har visst om kartlegginga gjort av det norske selskapet. No vedgår dei at det er «uheldig at det ikkje har vore påtala».

I fylgje Forsvaret er det forbode å lagre data om botnforhold og spreie informasjonen vidare dersom det i nokon grad kan ha skadefølgjer for rikets sikkerheit.

Forbodet gjeld all informasjon om sjøbotn langs norskekysten, på djupner større enn 30 meter.

Også sjøbotnen ved Haakonsvern, Sjøforsvaret sin hovudbase, er kartlagt.

Har russarar på kundelista

Selskapet Olex i Trondheim har tent store pengar på å distribuere detaljerte data om havbotnen. Kartlegginga har skjedd gjennom storstila nettdugnad frå tusenvis av kundar på havet. Norske fiskarar er storbrukarar av programmet, dei brukar det til å jakte på gode fiskeplassar og for å unngå tap av utstyr.

230 skip på kundelista er russiske. Programvara kostar om lag 30 000 kroner.

Kartlegginga går føre seg ved at brukarane av dataprogrammet Olex måler havbotnen med ekkolodd. Deretter kan dei dele informasjonen med kvarandre. Summen blir til detaljerte kart over terrenget under havoverflata.

Eit skip med sonarutstyr måler havbotnen i dataprogrammet Olex

Olexkart

Resultatet blir detaljerte botnkart. Her ser ein fordjupingar i sjøbotnen.

Visualisering: Anders Nøkling

Har ikkje kontroll på ulovlege data

Om lag 4000 kundar har delt data som blir lagt inn i eit digitalt kart. Brukarane kan også dele opplysningar direkte seg mellom utan å gå via selskapet.

Olex stadfestar at dei ikkje kan kontrollere om brukarane deler data som er ulovlege.

I dag er det forbode å gjere opptak av eller på annan måte bruke informasjon om sjøbotnen innanfor territorialfarvatnet om det i nokon grad kan skade nasjonale tryggingsinteresser.

Olex seier at sidan Kartverket og Forsvaret har visst om programvara reknar dei seg som innanfor lova.

Men fleire av Olex sine største norske konkurrentar vågar ikkje å dele slike detaljerte data.

Har informasjon om sjøbotnen kring Haakonsvern

I databasen til Olex er det også gjort målingar av sjøbotnen inne i Haakonsvern, Noreg sin største marinebase. Her ligg Noreg sine fregattar, ubåtar og missiltorpedobåtar.

Basen er rekna som militært forbodsområde. Deler av farvatnet er avsperra for sivile fartøy. Der er også fotoforbod.

diesellekkasje Haakonsvern
Foto: Dag Harald Andersen / NRK

I fylgje dagleg leiar i Olex, Ole Benjamin Hestvik, vart selskapet i si tid tipsa av ein offiser i Forsvaret om at det var gjort målingar inne i marinebasen.

Hestvik seier han tilbaud seg å fjerne informasjonen.

– Offiseren sa til meg at det ikkje var så farleg, han var berre skuffa over at nokon i det heile tatt hadde gjort det, seier Hestvik.

NRK har sett karta, men har valt å ikkje publisere bilete av omsyn til det nasjonale regelverket.

Karta er langt meir detaljerte enn Kartverket sine opne sjøkart for normal skipstrafikk i området.

NRK har spurt Forsvaret om kommentar til opplysningane om Haakonsvern. Men Forsvarets etterretningsteneste held sitt syn på saka hemmeleg. Dei vil ikkje kommentere data knytt til eit særskilt geografisk område.

Dei svarar ikkje på om dei ansvarlege for tryggleiken har visst om kartlegginga.

Lova seier at «det er forbudt å gjøre opptak av eller på annen måte bruke informasjon som gjelder bestemt angitte skjermingsverdige objekter.»

Dette er same paragraf som førte til at russarar vart arresterte etter å ha filma Kystvakta sin base i Sortland.

Forsvaret: – Uheldig at det ikkje har vore påtala

Forsvaret seier dei har «løpande vurderingar» av data frå Olex, og «følgjer situasjonen nøye.»

– Fagmiljøet er samd i at system som Olex i nokon grad må sjåast på som skadeleg for riket si sikkerheit, skriv oberstløytnant og pressevakt i Forsvaret Vegard Norstad Finberg til NRK.

KNM Uredd

Ubåten KNM Uredd i ein norsk fjord i 2017. Forsvaret ynskjer at dei skal ha ein fordel med å vere åleine om detaljkunnskapar om norskekysten.

Foto: Anton Ligaarden

System som Olex har heile tida i fylgje Forsvaret vore råka av eit generelt forbod i lova.

– Det faktum at det ikkje har vore påtala i seg sjølv er uheldig.

Kvifor har de då ikkje påtala dette?

– Vurderinga fram til no er at risikoen har vore handterleg.

Forsvaret tvilar på kvaliteten

Forsvaret meiner at karta ikkje har så høg kvalitet som Kartverket sine detaljerte botndata. Desse er hemmelegstempla etter norsk lov.

Dei meiner at Olex sine kart «ikkje er samla inn, vurdert, og samanstilt på ein kvalitetssikra måte.»

– Derfor kan fagmiljøet framleis legge til grunn at slik Olex og liknande system stort sett blir brukt i dag, bør det ikkje råkast av forbodet i lova, skriv Finberg til NRK.

Men seinast i fjor sa Olex til Fiskeribladet at dei kvalitetssikrar data gjennom å fjerne openberre feil før dei set saman kart.

Når NRK spør Forsvaret om korleis dette heng saman, ynskjer ikkje Forsvaret å kommentere denne opplysninga.

Usamd i at kvaliteten ikkje er god nok

Ved NTNU er dei usamde med Forsvaret i at Olex-databasen ikkje er av god nok kvalitet.

– Når Forsvaret meiner kvaliteten på data frå sivil bruk er for dårleg meiner eg dette ikkje stemmer, seier Norvald Kjerstad som er ekspert i navigasjon på sjøen.

Seinast i 2019 fekk NTNU i Ålesund blankt avslag frå Kartverket og Forsvaret då dei søkte om løyve til å kartlegge eit område nord på Sunnmøre til bruk i undervisning.

Norvald Kjerstad

Norvald Kjerstad er dosent i nautikk ved NTNU.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Kjerstad seier undersjøiske måledata frå entreprenørbransjen kan ha kvalitet på desimeter-nivå, medan ein fiskebåt kan ligge på omtrent 1–2 meter.

Kjerstad var sjølv om bord i eit hollandsk ekspedisjonsskip utanfor Svalbard i 2016. Båten hadde russisk kaptein. Kapteinen viste fram korleis han systematisk nytta Olex for å kartlegge området.

Målingane var i fylgje Kjerstad langt meir detaljerte enn kva som er vanleg å rekne som konfidensielt.

– Resultata av kartlegginga var i ypparste klasse, skreiv Kjerstad på vegner av NTNU til Forsvarsdepartementet i ei høyring i fjor.

Olex meiner dei ikkje bryt lova

Ifylgje Olex har Forsvaret og Kartverket vore klar over aktiviteten gjennom ulike møter heilt sidan 1997, og legg dette til grunn for at dei ikkje bryt lova.

Eigar og dagleg leiar Ole Benjamin Hestvik skriv til NRK at Kartverket har «erklært at deira data ikkje vil bryte lova.»

Ole Benjamin Hestvik

Ole Benjamin Hestvik i Olex

Foto: Privat

Hestvik viser også til at kvaliteten på karta varierer alt etter kor stor sjøtrafikken er i eit område. Nokre områder er svært godt kartlagt, andre har hatt lite skipstrafikk.

Selskapet har vore ein suksess. Hestvik har henta ut fleire titals millionar i utbytte dei siste åra.

Kartverket: Har aldri motteke søknad

NRK har spurt Kartverket om dei kan stadfeste Olex sin påstand om at dei ikkje bryt lova.

– Det ligg ikkje til Kartverket sitt ansvar å ta ei slik vurdering. Det er mogleg at Kartverket for fleire år sidan har kommentert datakvaliteten på djupnedata levert frå Olex, seier avdelingsdirektør i Kartverket Gudmund Jønsson.

Olex-kart

Eit skipsvrak av ein lastebåt utanfor Ålesund, slik det kan lagrast i kartbasen Olex. Vraket er 130 meter langt.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Kartverket seier dei handsamar søknadar om sjømåling. Sidan Olex ikkje målar opp havbotnen sjølve, det er det brukarane som gjer, men set saman og distribuerer data om havbotnen, vil ikkje Kartverket kunne handsame ein søknad.

Kartverket stadfestar at kvaliteten på karta til ei slik nettdugnad-teneste kan utvikle seg raskt.

– Det kvilar eit ansvar på alle aktørar som samlar inn og set saman data å etterfølgje lova, seier Jønsson.

Staten har sidan 2017 jobba med ei forskrift etter at lova som regulerer kartlegging av sjøbotnen vart endra. Forskrifta skal fastsetje reglar for søknadar, og korleis regelverket skal handhevast.

Eit utkast frå Forsvarsdepartementet i fjor vart møtt med kraftige protestar frå fiskerinæringa. Forsvarsdepartementet seier til NRK at dei er i sluttfasen i arbeidet med forskrifta, men vil ikkje seie når den er klar.