Hopp til innhold

Over 8 millionar meir til helsesøstrene – Men behovet er større, seier dei

Dei vidaregåande skulane i Førde får 300.000 kroner meir til helsesøster. Fagleiaren er glad pengane kjem, men seier behovet er større.

Lillian Vassbotten

STORT BEHOV: Lillian Vassbotn i Førde kommune er glad for dei auke midlane til helsesøstrene, men seier behovet er større.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

– Då kjem vi akkurat opp på det som er minimumsnorma til helsedirektoratet. Det seier Lillian Vassbotten, fagleiar i Førde kommune.

Ei helsesøster i 90 prosent stilling fordelt på 1000 elevar i dei vidaregåande skulane har vore realiteten i Førde.

No har kommunen fått 300 000 i øyremerkte midlar som skal styrke helsesøstertilbodet, og utgjer ei 40 % stilling i eit år. Med auka bemanning på skulane håpar fagleiar Lillian Vassbotten at dei skal kunne hjelpe fleire elevar.

– Vi har alle gradar av helseproblem i vidaregåande skule, og det er klart at når vi er meir tilgjengelege i skulen, så vil vi lettare kunne gje tilbod til elevane, seier Vassbotten.

Stor mangel på helsesøstrer

Mangelen på helsesøstrer er stor. På landsplan manglar det om lag 850. På grunn av dette løyvde den førre regjeringa 180 millionar kroner ekstra til skulehelsetenesta og helsestasjonar.

Men berre ein av to kommunar brukte pengane på dette. Resten valde å prioritere andre saker, fortel bladet "Sykepleien". Dermed har behovet for helsesøstrer også auka.

Når pengane ikkje er øyremerkte vert det ein kamp om kronene seier kommunalsjef Kurt Even Andersen i Førde kommune.

– Det er ei utfordring å klare å prioritere så store summar innafor eitt felt, når vi veit at det er mange andre felt som har tilsvarande utfordringar, seier Andersen.

Betyr mykje for elevane

Astrid Ingeborg Helgesen Haugen og Jakob Bredesen i Ungdomsråda i Nordfjord meiner det er svært viktig at elevar og studentar har helsesøstrer å snakke med.

– Helsesøstrer betyr mykje. Det er ein person du kan gå til i skuletida dersom ein han helsesøster der. Det er mange som ikkje torer å spørje folk om problem dei har på skulen, då kan det vere godt å ha ei helsesøster som har teieplikt, seier Helgesen Haugen.

– Du kan ta opp tema som du kanskje ikkje føler deg komfortabel å snakke med andre om. Det gjer at du kan få vite ting, bli trygg på deg sjølv, og få svar på spørsmål som du kanskje ikkje ville fått svar på elles, seier Bredesen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Astrid Ingeborg Helgesen Haugen og Jakob Bredesen

VIKTIG: Tilbod om helsesøster er viktig for ungdomane. Det seie Astrid og Jakob i Ungdomsråda i Nordfjord.

Foto: Harald Kolseth / NRK

8 millionar meir til fylket

Den noverande regjeringa har i budsjettet sitt føreslege å gje 200 millionar ekstra frie midlar til kommunane. Av desse pengane får Sogn og Fjordane i overkant av åtte millionar kroner. Førde får 1,1 millionar kroner.

Det er enno uvisst om desse pengane går til helsestasjon og fleire helsesøsterstillingar.

Solveig Heggheim

BØR VERE ØYREMERKA: Penga helsesøstrene får bør vere øyremerka, seier helsesøster Solveig Heggheim.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Eg veit ikkje om vi klarar det, men vi har nokre tankar om å gjere endringar internt i kommunen, slik at vi styrkar tilsvarande sum totalt sett, seier Andersen.

Helsesøster Solveig Heggheim fortel om viktigskapen ved å ha helsesøster:

– Eg meiner at alle midlane som vert løyvd bør vere øyremerka helsesøstrene. Det står at det går til helsestasjon og skulehelsetenesta, men dei er ikkje øyremerka, og då er det eit val kommunen sjølv kan ta. Då vert det ein kamp om midlane, forklarar Solveig Heggheim, helsesøster og leiar i helsesøstergruppa i Sogn og Fjordane.

Så mykje får din kommune

Kommune

Pengefordeling av frie midlar 2015

Flora

991.000

Gulen

171.000

Solund

101.000

Hyllestad

101.000

Høyanger

324.000

Vik

189.000

Balestrand

101.000

Leikanger

184.000

Sogndal

579.000

Aurland

110.000

Lærdal

157.000

Årdal

365.000

Luster

401.000

Askvoll

212.000

Fjaler

244.000

Gaular

243.000

Jølster

255.000

Førde

1.100.000

Naustdal

223.000

Bremanger

298.000

Vågsøy

467.000

Selje

206.000

Eid

489.000

Hornindal

101.000

Gloppen

444.000

Stryn

573.000

Sogn og Fjordane

8.630.000

Ekspander/minimer faktaboks