Hopp til innhold

Ungdom blir deprimerte av overdriven mobilbruk – dei vil at foreldre set grenser

Dei meiner ungdomen treng køyrereglar på nett og mobil. Elles kan det gå på helsa laus.

Helsesøster Linda Habbestad Skorve og ungdomsleiar Maria Kallstad Brun i Sogndal kulturhus

AUKANDE PROBLEM: Overdriven mobilbruk har blitt eit aukande problem blant unge. Det ønskjer helsesøster Linda Habbestad Skorve og ungdomsleiar Maria Kallstad Brun å gjere noko med.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Barn og unge blir stadig meir avhengig av mobilen og internett.

Det uroar helsesøster i Sogndal, Linda Habbestad Skorve, som seier overdriven mobilbruk gjer ungdom deprimert og stressa.

– Eg treffer i aukande grad ungdom som seier at dei ikkje greier å slappa heilt av. Dei spring frå det eine til det andre og er pålogga til dei slår av lyset, seier Linda Habbestad Skorve, som er helsesøster på vidaregåande i Sogndal.

Mobilbruk aukar kvardagsstresset

Saman med Maria Kallstad Brun, som er ungdomsarbeidar i kommunen, inviterte dei i går foreldre til Sogndal kulturhus for å lære om problemet.

– Vi har blitt utolmodige og vant til å leva i ei verd der alt skal skje så kjapt og folk skal ha beskjed med ein gong, seier Kallstad Brun.

Linda Habbestad Skorve seier overdriven mobilbruk aukar stresset i ein allereie travel kvardag.

– Der gutar blir sittande til langt til natt med spel og ikkje klarer å logge av, så klarer jentene gjerne å logge av, men blir liggande med tankespinn og negative tankar når dei skal legge seg.

Kallstad Brun meiner det er eit felles ansvar å gjere noko med problemet og difor er det viktig å involvere foreldra.

– Me må finne nokre køyrereglar, sånn at det ikkje går ut over helsa vår. For det kan det gjera no, seier Maria Kallstad Brun.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mange hadde møtt fram for å lære korleis overdreven nettbruk påverkar dei unge

MANGE FRAMMØTTE: Foreldre og andre interesserte hadde møtt fram for å lære meir om utfordringane dei unge slit med i den digitale kvardagen.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Viktig å ikkje berre dele glansbileta

Katrine Kvinnsland er 19 år og i kulturhuset fortalde ho kvifor ho starta ei nettside der unge med psykiske problem kan få dele sine historier. Ho har sjølv hatt ein tung oppvekst prega av foreldre som rusa seg.

Difor vil ho at ungdom skal skjøne at glansbileta vi får presentert på sosiale media, sjeldan er den fulle sanninga.

– I tillegg til å leve opp til forventningar i kvardagen, må vi leve opp til den perfekte fasaden som vi byggjer gjennom sosiale media, seier ho.

Sjølv om ho prøver å utnytte den positive krafta i dei sosiale media, innrømmer ho at det også for ho kan vere utfordrande å logge av.

Katrine Kvinnsland i Sogndal kulturhuset etter føredraget

DELTE EIGNE ERFARINGAR: Katrine Kvinnsland fortalde om nettstaden ho står bak, som hjelper unge og spreier kunnskap om psykisk helse blant ungdom i Norge.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Eg er nok ein av dei som er avhengig, det er eg heilt ærleg på. Det gjeld å setje reglar, for det er ikkje alltid like lett å leggje seg om nettene, fordi det alltid er nokon som vil prate med deg og alltid noko kjekt som skjer, seier ho.