Hopp til innhold

Helsesøstera får ansvar for 1000 elevar: – Eg må seie nei til mange allereie no, seier ho

Elevtalet i dei vidaregåande skulane i Førde vil auke når skulane i Sunnfjord blir lagt om. Men kommunen vil framleis berre ha ei 90 prosent helsesøsterstilling på totalt 1000 elevar.

Jorunn Eldegard

HELSESØSTER: Det er for mange elevar allereie, og fleire skal det bli. Jorunn Eldegard jobbar i Førde kommune som helsesøster på dei vidaregåande skulane

Foto: Oddbjørn Myklebust Opsal / NRK

– Vi blir utruleg mykje brukt i den vidaregåande skulen. Og veldig ofte må eg seie til elevane at eg ikkje kan ta dei inn, fortel Jorunn Eldegard.

Ho er helsesøster to dagar i veka på Hafstad vidaregåande skule. Til hausten blir det fleire elevar på dei vidaregåande skulane i Førde.

– Det er klart at når eg må seie nei til mange no, må eg seie nei til fleire frå hausten, seier Eldegard.

Trygve Jacobsen

REKTOR: På det som no er Mo og Jølster VGS. – Rektorane på Hafstad og Øyrane er samd med meg i dette., fortel Trygve Jacobsen

Foto: Torbjørn Frøysland

Rektor på det som no er Mo og Jølster vidaregåande skule, Trygve Jacobsen, er uroa for konsekvensane det vil få for elevane. Dei har bede kommunen om ei avklaring på kva som vil skje når skulane blir slått saman.

– Vi vil få til saman 1000 elevar og framleis berre ha ei 90 prosent stilling som helsesøster totalt, og det ser vi som ein ikkje haldbar situasjon, fortel Jacobsen

Knapt med pengar

Ove Mjåtveit

PRIORITERINGAR: Vi skulle gjerne ha brukt meir midlar i den vidaregåande skulen, seier Ove Mjåtveit i Førde kommune, Barn og Helse.

Foto: Oddbjørn Myklebust Opsal / NRK

Ove Mjåtveit, einingsleiar i Helse og Barn i Førde kommune, seier dei fekk pengar frå staten til førebyggjande arbeid og for å styrke helsesøstertenesta.

– Vi har vurdert spørsmålet, men vi måtte dessverre prioritere dei ekstraressursane vi fekk til grunnskuletrinnet, seier Mjåtveit

Sosial- og helsedirektoratet har sett nasjonale minstenormer til skulehelsetenesta. Ei av normene seier at ei helsesøster kan ha ansvar for 800 elevar.

–Vi såg at vi var lenger unna å nå normtala i grunnskulen, så vi meiner det var ei nødvendig prioritering. Men vi skulle gjerne ha brukt meir midlar i den vidaregåande skulen, seier Mjåtveit.

– Vi har jobba med å fordele ressursane på helsestasjonen, grunnskulen og den vidaregåande skulen, slik at vi kan komme nærast mogleg måla Sosial- og helsedirektoratet har sett, fortel fagleiar på helsestasjonen i Førde kommune, Lillian Vassbotten.

Lillian Vassbotten

FAGLEIAR: Skal vi komme nærmare målet, må vi få tildelt meir ressursar, seier Lillian Vassbotten, fagleg leiar på helsestasjonen i Førde kommune.

Foto: Oddbjørn Myklebust Opsal / NRK

Kan få konsekvensar for elevane

– Ein av konsekvensane kan òg vere at det blir vanskelegare å følgje opp elevane fordi eg har mindre tid, fortel Eldegard.

– Det vil kome endå fleire elevar som må bu på hybel for å gå på skule her til hausten. Den gruppa får ikkje brukt fastlegen som er på heimstaden som vanleg og då er det mange som ønsker å bruke skulehelsetenesta, fortel helsesøstera.

Auke i elevar

Frå hausten vil det vere to vidaregåande skular i Førde.

Avdeling Jølster på Vassenden, som no er ein del av Mo og Jølster vidaregåande skule, blir lagt ned. Noko av tilbodet blir flytta til Hafstad vidaregåande.

Det som er Øyrane vidaregåande skule blir lagt saman med Mo, og blir til nye Mo og Øyrane vidaregåande skule.

Det fører til ein auke i elevtalet i kommunen, der dei no er ca. 800 elevar, blir dei over 1000 elevar.

Førebyggande verknad

Etter at skulen fekk si avklaring med beskjed om at pengane blir brukt andre stader, har einingsleiar Ove Mjåtveit søkt Sosial- og Helsedirektoratet om midlar til ei ny stilling.

– Den har vi grunngitt med forsking som er gjort lokalt på helsa til hybelbuarar. Den viser at yngre elevar har større risikoåtferd og at overvekt er eit større problem hos denne gruppa.

– Vi håper vi har klart å peike på lokale utfordringar, så vi får auka ressursane i den vidaregåande skulen òg. Vi ser at det er heilt naudsynt og at helsesøster heilt klart har ein førebyggande verknad, seier Mjåtveit.