Hopp til innhold

Lovar 1000 nye helsesøstrer

1000 nye helsesøstrer. Det er ein av vallovnadane frå Venstre sin Sveinung Rotevatn.

Sveinung Rotevatn

OPNE DØRER: Sveinung Rotevatn og Venstre vil ha slutt på at barn og unge møter stengde dører når dei treng nokon å snakke med.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

1000 nye helsesøstrer. Det er ein av vallovnadane frå Venstre sin Sveinung Rotevatn.

Han ser med stor uro på det faktum at mange skular står utan helsesøster, medan dei som har tilbodet kanskje berre har dei ein halv dag i veka.

NRK fortalde i går at det er ein klar samanheng mellom kvaliteten på skulehelsetenesta og talet på barnevernsaker.

Vil ha fleire opne dører

Sveinung Rotevatn som er Venstre sin førstekandidat i Sogn og Fjordane lovar dei skal gjere noko med dette om dei gjer det bra ved stortingsvalet til hausten.

– Det er viktig at helsesystrene er tilgjengelege på skulane og at elevane ikkje møter ei stengd dør, eller ein lapp der det står at helsesøster er på jobb annakvar tysdag mellom klokka 14. og 14.30, seier han.

Ei undersøking gjort av tidsskriftet Sykepleien viser at sju av ti helsesøstrer seier dei ikkje har god nok tid til å jobbe førebyggande med elevar.

I dag er det stor skilnad på kor lett det er for barn og unge å få tak i helsesøster, og mange kommunar skuldar på stram økonomi når dei ikkje prioriterer skulehelsetenesta.

Legg 125 millionar på bordet – i fire år

Venstre føreslår ein opptrappingsplan over fire år som vil koste 125 millionar kroner per år, ein plan som skal sikre 1000 nye helsesøstrer.

Rotevatn meiner det må gjerast grep for å få ned talet på barnevernssaker, og meiner det er feil å gje lærarane alt ansvaret med å følgje opp barn og unge i skulen.

– Det kan ikkje vere slik i skulen at lærarane skal ha alle oppgåvene. Lærarane må få konsentrere seg om å vere lærarar.

– Og så skal vi ha eit lågterskeltilbod for dei som slit med mobbing, rus eller andre ting som er naturleg å ta opp med ei helsesøster, seier Rotevatn.

Prioriterer vekk gratis skulefrukt

Han seier det er fullt mogleg å få til dette, og at det enkelt og greitt handlar om prioriteringar.

– Vi har funne rom til å prioriterer fleire helsesøstrer, og vi gjer det innanfor dei same ramme som regjeringa. Vi fokuserer på å ha fleire helsesøstrer og betre lærarar, og vil bruke mindre på ufaglært leksehjelp og gratis skulefrukt.

– Så problemet i dag er at det ikkje er brukt nok pengar på det, det er ikkje det at det er få som utdannar seg til å bli helsesøstrer?

– Politikk handlar ikkje alltid om pengar, men akkurat satsinga på helsesøstrer handlar mykje om pengar. Det handlar om vilje frå politikarane til å skaffe rom i budsjetta til å tilsette og utdanne fleire, seier han.