Små barn som må leggjast i narkose fordi alle mjølketennene må trekkjast er ein hjerteskjerande situasjon som tannhelsetenesta aller helst vil unngå.
Men særleg blant innvandrarborn er dette alt for ofte realiteten, fortalde fylkestannlegen i Sogn og Fjordane då han sist veke slo alarm om situasjonen.
No blir dei kommunale helsestasjonane peika ut som dei som kan oppdage problema før det er for seint.
– Det er enormt viktig å ta tak i problemet, seier Anne Rønneberg, klinikksjef for avdeling for klinisk odontologi ved Universitetet i Oslo.
Dei einaste faste møta med helsevesenet
På helsestasjonen i Naustdal har helsesøster Solrun Krakhellen mange små innom.
– Barna kjem frå dei er nyfødde og vi føl dei opp til dei er myndige. Tannhelse er ein av fleire tema vi følgjer opp, fortel ho.
Med litt leikar og ein spelande blastbamse greier ho å få barna som kjem innom til å kjenne seg trygge. Dermed blir det lettare å undersøke om alt er som det skal.
Og besøka på helsestasjonen er viktig. Etter at mor og barn kjem heim frå fødeavdelinga er desse besøka dei einaste faste møta der helsevesenet kan følgje med på korleis dei små veks til.
(Artikkelen held fram under biletet)
SLO ALARM: Fylkestannlege Bernt Rønnekleiv i Sogn og Fjordane er uroa for tannhelsa til innvandrarborn.
Foto: Johan Moen / NRKSlo alarm om tannhelsa hos innvandrarbarn
Men hos for mange småbarn blir problema oppdaga for seint. I sist veke delte fylkestannlege i Sogn og Fjordane, Bernt Rønnekleiv, si uroa for tannhelsa til innvandrarborn.
– Det er ofte hol mellom framtennene på dei minste, noko som kan tyde på at dei får sukker på kveld og natt. Kanskje får dei flaske med saft, fortel tannlegen.
Det finst ikkje ein eigen statistikk som slår fast kor store tannhelseproblema er blant innvandrarar, men Rønnekleiv meiner det likevel er grunn til å rope varsku.
Han einer det er viktig å snu trenden med dårleg tannhelse tidleg.
– Vi må kanskje tidlegare inn. Vi ser at om vi kjem for seint inn for å hjelpe, så greier vi ikkje snu trenden, sa fylkestannlegen til NRK.no.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Løft på leppa og sjå inn i munnen
Fleire ekspertar NRK har snakka med seier helsestasjonane er svært viktige for å ta tak i problemet.
For tannhelsetenesta kjem eigentleg ikkje inn før i treårsalderen, og då kan det allereie vere for seint.
– Det er veldig viktig at helsesøster eller anna personell på helsestasjonen løftar litt på leppa til barna, og ser litt inn i munnen.
– Blir dei uroa for noko, så ta for all del kontakt med helsetenesta.
Det er bøna frå klinikksjef for avdeling for klinisk odontologi ved Universitetet i Oslo, Anne Rønneberg.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
MÅ SJEKKE FRÅ BARNA ER SMÅ: Ekspertar meiner ein må sjekke tennene hos barna frå dei er små.
Foto: Eirik Haukenes / NRK– Må tore å bli uroa
Rønneberg er også leiar i interesseforeininga for barnetannpleie og peikar på at vi har kommunale helsestasjonar, fylkeskommunal tannhelseteneste og statleg spesialisthelseteneste.
Dermed kan barna falle mellom desse instansane.
– Vi må alle sjå heile barnet. Blir vi uroa må vi tore snakke saman. Vi må tore å bli uroa og vi må tore melde frå, seier Rønneberg til NRK.no.
– Kjempetrist
På helsestasjonen i Naustdal har dei heldigvis ikkje sett den typen alvorlege tilfelle som fylkestannlegen ropa varsku om. Men dei hjarteskjerande døma på barna som har vakse opp med sukkerhaldig drikke og må trekkje alle mjølketennene før dei er fem år, gjer inntrykk.
– Det er kjempetrist. Og det seier vel litt om kva folk har av rutinar og vanar som er uheldige, seier helsesøster Solrun Krakhellen.
Ho seier dei prøver vere bevisste på å undersøkje tennene og har ein obligatorisk sjekk ved to årsalderen.
– Vi kjenner på ansvaret, også for tennene. Men det er mange område vi skal sjå og forstå, og helst fange opp før det oppstår noko, seier helsesøstera.