Hopp til innhold

Redningshelikopteret måtte fylle drivstoff - ein person låg att i sjøen

Etter å ha henta opp fem personar etter helikopterulukka vest for Øygarden, måtte redningshelikopteret fylle drivstoff. Den sjette personen låg opp mot 25 minutt i sjøen før eit anna redningshelikopter kom.

Onsdag kveld styrta eit søk- og redningshelikopter vest for Sotra i Vestland.

Helikopteret tok av frå Flesland klokka 18.24, og deltok på ei søk- og redningsøving med skipet «Wilson Twisteden» på oppdrag for Equinor.

Dagen etter ulukka offentleggjer Hovudredningssentralen delar av sin logg frå hendinga. Denne og NRK sin samanfatta tidslinje kan du sjå her:

Tidslinje: Helikopterstyrten vest for Sotra

Slik gjekk det med helikopteret som styrta vest for Sotra i Vestland. Dei nyaste oppdateringane er nedst i tidslinja. Fleire av tidspunkta er henta frå Hovudredningssentralen (HRS).

Helikoptertypen er rekna for å vere den tryggaste i Nordsjøen, ifølgje Pilotforbundet.

Redningshelikopter på helipad på Haukeland universitetssjukehus etter helikopterulykke vest for Sotra

Personar som er heiste opp frå sjøen kjem fram til Haukeland universitetssjukehus.

Foto: Eirik Brekke / Bergens Tidende

25 viktige minutt for redningsaksjonen

Hovudredningssentralen i Sør-Noreg er nøgd med eiga responstid på redningsaksjonen.

Les også Kvinne i 60-årene omkom i helikopterstyrt: – Vi har mistet en kjær kollega

Bergen 20240229. Flagget på halv stang utenfor Equinor på Flesland.

– Responstida hadde vore opp til 15 minutt lenger viss det ikkje var for at redningshelikopteret allereie var på øving, uttala redningsleiar Ståle Jamtli onsdag kveld.

Torsdag korrigerer kollegaen hans, redningsinspektør Andreas Næsheim:

– Dei ville vore i søksområdet 25 minutt seinare dersom dei stod på bakken.

Han forklarar at det tok 30 minutt frå dei fekk meldinga, til dei var framme på staden. Hadde redningshelikopteret ikkje vore i lufta frå før, ville det tatt 55 minutt å mobilisere mannskap og komme seg fram.

Hovudredningssentralen meiner at dei 25 minutta er veldig verdifulle i redningssamanheng, og kan ikkje sjå at dette kunne blitt gjort noko raskare på nokon måte.

Ein person låg 25 minutt lenger i sjøen

Det faktum at helikopteret var på øving, gjorde at dei hadde brukt opp ein del drivstoff frå før.

Derfor måtte redningshelikopteret snu og køyre mot Haukeland universitetssjukehus klokka 20.51 etter at fem av de seks personane var henta opp, fortel redningsinspektør Næsheim.

Den sjette personen blei dermed liggande opp mot 25 minutt til i sjøen før Florø-helikopteret kom fram og å henta vedkomande opp.

– Det er sjølvsagt svært tragisk for den personen som ligg att. Vi hadde allereie eit redningshelikopter frå Florø på veg. Dei hadde mykje motvind, men hadde sett beste fart mot søksområdet, seier redningsinspektøren.

Næsheim vil ikkje kommentere om det var den omkomne kvinna som blei liggande att i sjøen dei ekstra minutta.

Han understrekar at det at redningshelikopteret allereie var ute på øving då ulukka skjedde, gjorde at dei kom raskare fram og fekk hjelpt dei fem første.

Han peikar også på at det var luftambulanse på staden i mellomtida, utan høve til å heise opp personen.

– Har luftambulansen då kontakt med vedkomande i sjøen?

– Det har dei nok ikkje, då det er svært mørkt, seier Næsheim.

Dette er helikoptertypen

Det sakna helikopteret har kallenamn NORSAR6 og er av typen Sikorsky S-92.

Helikopteret vart produsert i 2012.

Truleg helikopter Sotra

Det var et helikopter av denne typen som styrta i sjøen utanfor Bergen.

Foto: JetPhotos, OpenStreetMap, ADSB-Exchange

Det tilhøyrer Bristow, eit av dei største selskapa som flyr mannskap til og frå oljeplattformene i Nordsjøen. Søk- og redningshelikopter har beredskapsvakt for plattformene.

Selskapet skriv på si nettside at helikoptertypen er det mest avanserte Sikorsky har av sivile luftfartøy.

Helikoptertypen er godkjent etter dei strengaste tryggingskrava til både det amerikanske luftfartstilsyn og det europeiske byrå for flysikkerheit.

Kartet viser kor helikopteret flaug før det styrta.

Det er registrert 38 hendingar med Sikorsky S-92-helikopter sidan juli 2007, inkludert onsdagens ulukke, ifølgje nettsida til Aviation Safety Network.

Sju av dei var eigd av Bristow i Noreg, seks var eigd av Bristow i andre land.

Hei!

Har du tips eller spørsmål til saken du nettopp las?

Send oss gjerne ein e-post!