Hopp til innhold

Heidra på heimebane etter tidenes sesong

Onsdag kveld blei det gjort stas på skiskyttar-brørne Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø i Stryn etter ein eventyrleg vinter.

Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø

KAKEFEST: Glade brør på påskeferie blei feira i kulturhuset i Stryn.

Foto: STIAN GJENGEDAL OLSBØ

– Det var ei fantastisk flott og verdig feiring med mykje godt program, fortel ordførar Sven Flo (H).

Johannes Thingnes Bø har gjort unna tidenes mest utbytterike sesong for ein skiskyttar. Hann vann verdscupen i suveren stil med 16 sigrar, og tok saman med bror sin fleire VM-medaljar.

– Dei har gitt så mykje glede, positivitet og minst resultat denne sesongen. Vi har sete klistra framfor TV-skjermen, og mange stryningar har vore på renn rundt om i Europa for å heie.

Fekk kulturprisen

Johannes Thingnes Bø

PRIS: Johannes Thingnes Bø fekk kulturprisen, ein pris Tarjei tidlegare har fått

Foto: STIAN GJENGEDAL OLSBØ

Då det blei kjent at dei to skiskyttarane skulle heim på påskeferie i Stryn, nytta Markane IL og Stryn kommune høve til å lage til eit arrangement.

– Det var talar, helsingar og musikk. Vi viste ein kavalkade frå vinteren, og det blei gitt gåver og blomar. I tillegg fekk Johannes tildelt kulturprisen til Stryn kommune. Det var den store overraskinga i kveld.

Vil gi noko tilbake

Ordføraren trur dei to karane sette pris på arrangementet.

– Det har eg inntrykk av, ja. Det var viktig for heimkommunen og bygda å gi noko tilbake for det dei har gitt oss.

Johannes seier til TV2 at dei er utruleg takknemlege.

– Det er dette som er så fint med Stryn, alle kjenner alle. Vi er rett og slett ein superkommune.

Og stryningane stilte opp til festen i kulturhuset for å vere med på feiringa.

– Det var veldig mykje folk i kulturhuset. Eg trur det var over 200 personar som hadde møtt opp, seier ordføraren.

Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø

FLOTT KAKE: Det var både kake og kaffi under feiringa.

Foto: Stian Gjengedal Olsbø