Hopp til innhold

Havforskarar vil setta genmodifisert laks ut i sjø – ekspertkomité åtvarar

Havforskingsinstituttet planlegg forsøk med genmodifisert laks i merdar i sjø, for første gong i verdshistoria. – Risikoen er for høg, meiner Vitskapskomitéen.

Anna Wargelius ved Havforskningsinstituttet, med ein genmodifisert laks

GEN-LAKS: Forskingssjef Anna Wargelius ved Havforskningsinstituttet ønsker å setta genmodifisert, steril laks ut i opne oppdrettsmerdar i sjø. Men ikkje gul, genmodifisert laks, slik ho og instituttet tidlegare har forska på i lukka tankar.

Foto: Erlend Astad Lorentzen / Havforskningsinstituttet

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I Masfjorden i Nordhordland planlegg Havforskingsinstituttet eit forsøk som aldri har blitt gjort nokon stad før.

På forsøksstasjonen deira i Matre har forskarane søkt om å få setta steril, genmodifisert laks ut i vanlege, men små oppdrettsmerdar i fjorden.

– Føremålet er å undersøka korleis genetisk steril laks klarar seg i sjø. Eit slikt forsøk har aldri blitt gjort nokon stad i verda enno, seier forskingssjef Anna Wargelius.

Planen er å forska på 303 sterile laksar og ei kontrollgruppe på 485 vanleg oppdrettslaks som ikkje er sterile.

Havforskningsinstituttet sitt oppdrettsanlegg ved Smørdalen ved Matre i Masfjorden

Havforskingsinstituttet sitt forskingsanlegg ved Smørdalen ved Matre kan få verdas første forsøk med genmanipulert laks i merdar ute i sjøen.

Foto: Christine Fagerbakke / Havforskningsinstituttet

I tilfelle rømming

I eit tiår har Havforskningsinstituttet laga genmodifisert og steril laks i lukka innandørs tankar. No vil dei sjå om slik fisk klarar seg like bra ute i naturleg sjøvatn.

Bakgrunnen er problemet med at oppdrettsnæringa har mange tilfelle der skader på merden gjer at oppdrettsfisk rømmer og blandar seg med naturleg villaks.

Målet er å sjå om steril laks kan produserast i stor skala i kommersiell lakseproduksjon.

Viss oppdrettslaks som rømmer er steril, vil ikkje fisken kunna formeira seg og utkonkurrera villaksen.

– Me har sjekka at fisken me vil setta ut er 100 % steril. Samstundes kjem det til å ta litt tid før metoden kan brukast kommersielt. Førebels har me ikkje blitt så gode til å få dei bioteknologiske metodane til å bli hundre prosent, så me må testa kvar enkelt fisk for å undersøka om den har blitt steril, seier Wargelius.

Villaks hopper

Villaks kan i verste fall bli genetisk steril dersom genmodifisert fisk hamnar ut i naturen, fryktar Vitskapskomitéen.

Foto: Knut-Sverre Horn / NRK

– Høg miljørisiko

Den nasjonale Vitskapskomitéen for mat og miljø har no risikovurdert forskingsopplegget.

– Konklusjonen vår er at forsøket er forbunde med potensielt høg miljørisiko.

Det seier seniorforskar Kjetil Hindar i Norsk institutt for naturforsking. Han representerer Vitskapskomitéen.

Komitéen meiner Havforskingsinstituttet ikkje har dokumentert at alle genmodifiserte forsøksfiskane faktisk er sterile. Viss fiskar rømmer frå slike opne oppdrettsanlegg, kan dei i verste fall formeira seg og overføra skjult, altså latent, sterilitet til villaks.

– Det er nøyaktig det motsette av ambisjonane i dette forsøket, seier Hindar.

Viss det først skjer, kan det bli katastrofalt for villaksen.

– Det er lite sannsynleg at det skjer, men den økologiske effekten på villaksbestandar viss det skjer, er svært stor. Genetisk sterilitet er ikkje noko ein lett kan utrydda viss det først har kome inn i ein villaksbestand.

Kjetil Hindar i NINA og Vitskapskomiteen

Kjetil Hindar og Vitskapskomitéen er kritisk til søknaden frå Havforskingsinstituttet om å setta genmanipulert laks ut i merdar i Masfjorden.

Foto: NINA

– Burde sjekka betre

Komitéen skriv også om ei anna bekymring: Steril laks som rømmer kan bli veldig stor og eta så mykje smålaks at også det trugar villaksbestanden.

– Me veit ikkje kva ein stor, steril fisk kan finna å gjera på viss han går opp i ei elv. Altså om han et aure- og lakseungar.

Hindar meiner Havforskningsinstituttet rett og slett ikkje har gjort heimeleksa før dei no vil sleppa genmodifisert laks ut i merdar i naturen.

– Ein burde ha sjekka risikoen mykje betre – kva som skjer viss det eller det skjer – i lukka anlegg. Her vil søkaren hoppa over nokre trinn, og gå rett laus på å potensielt sleppa ut fisk i naturen som kan ha effektar me ikkje veit noko om.

Det er Miljødirektoratet som skal avgjera om havforskarane får løyve til forsøket.

– Eg blir forundra viss dette forsøket blir tillate, for å seia det slik, seier Hindar.

rømt oppdrettslaks

Rømt oppdrettsfisk er ein trussel mot norske villaksbestandar. Å prøva å fanga rømt fisk er ein omfattande og vanskeleg jobb.

Foto: Anton Rikstad / Fylkesmannen i Trøndelag

Evaluert av Forskingsrådet

Wargelius avviser at Havforskingsinstituttet er uansvarleg og at miljørisikoen er høg og for dårleg dokumentert.

– Nei, det er det ikkje. Eg kunne ha svart på dette med ein gong, viss dei hadde ringt meg.

Wargelius seier at sjølv om forskinga er på plass, så er søknadsprosessen til styresmaktene om bruk av genredigert fisk «upløgd mark». Ho seier at det ikkje finst ein mal for kva spørsmål og avklaringar som må vera på plass i søknaden.

– Vegen blir til medan me går. Me har gjort mykje av det komitéen etterlyser. Grunnen til at dei ikkje har fått all informasjonen frå oss, er at dei ikkje har spurt oss, seier ho.

Forskingsprosjektet er finansiert og fagevaluert av Forskingsrådet.

– For oss er det overraskande at vitskapskomitéen konkluderer med at prosjektet har høg risiko basert på påstått manglande data som dei aldri har etterspurt og det som ser ut som faglege misforståingar, seier Wargelius.

Genetisk steril laks i basseng

Etter planen skal dei forska på 303 genmanipulerte, sterile laks. Eit slik forsøk har aldri blitt gjort nokon stad i verda enno.

Foto: ERLEND ASTAD LORENTZEN / HAVFORSKNINGSINSTITUTTET

– Me har hatt tre spørsmålsrundar der me ikkje har fått tilfredsstillande svar, svarar Hindar, og legger til:

– Desse forskarane er heilt klart i forskingsfronten. Men me kan ikkje gjera forsøk der me lar naturen finna ut om det er gale eller ikkje. Me må vita meir før me set genmodifisert fisk i ein merd der dei kan rømma.

– Forsvarleg forsøk

Wargelius er overtydd om at forsøket kan gjerast på ein miljømessig og etisk forsvarleg måte.

– Ja, absolutt. Truleg vil fisken klara seg fint i sjøen. Det er berre gjort ei lita genetisk endring i dei, og same endring kan også oppstå naturleg. Det er ikkje tilført genetisk materiale i fisken. I fleire land reknar ein dette som presisjons-avl, ikkje genmodifisering, seier ho.

Wargelius legg til at merdane blir spesialkonstruerte og med dobbel not for å vere ekstra rømmingssikre.